HeimSkule og utdanningNy skule på Dale opnar 2020Utvikling i arbeidetOppstart av arbeidet med ny barne- og ungdomsskule på Dale

Oppstart av arbeidet med ny barne- og ungdomsskule på Dale

Riving av skulen

Elevane sin siste dag på skulen er 13. juni. Då startar vi med å tømme bygget for alt vi skal ha med oss vidare. Då er bygget er klart for riving. Entreprenøren sin plan er at alt rivearbeid er ferdig i slutten av august. Vaksdal kommune har bedt om at mest mogeleg rivearbeid er ferdig før skulestart til hausten. Samtidig som skulen blir rive, blir ungdomsskulen gjort klar til to års bruk.

Dale barne- og ungdomsskule

Bygget til venstre for den raude streken blir ståande. Her skal ungdomsskulen halde til i to år frå hausten 2018.

Ny skule fra hausten 2020

Ungdomsskuleelevane får følgje bygginga av den nye skulen på nært hald. Ny barne- og ungdomsskule med folkebibliotek, symjehall, kultursal og eit flott uteområde skal stå klar til skulestart hausten 2020.

Kontraktsignering

Vaksdal kommune planlegg kontraktsignering med entreprenøren Consto AS i veke 21. 

Mellombels kollektivterminal framfor Heradshuset

Vi etablerer ein mellombels kollektivterminal framfor Heradshuset i godt samarbeid med Skyss og Statens vegvesen.  Her har vi eit stort og ope venteområde for alle reisande frå Dale. 
Foreldre/ føresette til skuleelevar som skal ha skuleskyss vil få informasjon gjennom skulane sine kommunikasjonskanalar.

Anleggsarbeid i samband med omlegging av vassleidningar

Arbeidet med omlegginga startar før sommarferien og skal vere ferdig rundt årsskiftet. Consto AS er ansvarleg for traséen markert med gult. Dette arbeidet vert gjennomført i løpet av hausten. Entreprenør for raud trasé blir bestemt i løpet av juni. Denne entreprenøren vil prioritere å vere ferdig bak symjehallen i sommar og jobbe i Skulegata og Lauvgardsgata i haust.
Det vil bli vegstengingar i periodar. Det kan også bli behov for å stengje vassforsyninga til enkelte hus. Meir detaljert informasjon vil kome. Personar som blir direkte påverka blir kontakta i god tid. 

Kartteikning av området rundt skulen

Uteområdet ved Turbinen

Vi skal etablere eit "nærmiljøanlegg" for SFO og alle som bur i nærmiljøet. Vi har som mål å ha mest mogeleg ferdig til SFO-oppstart hausten 2018.
Vi vil ha leverandør til dette arbeidet på plass i løpet av mai.


Sist oppdatert: 08.11.2019
Publisert: 28.09.2018