HeimSkule og utdanningNy skule på Dale opnar 2020Utvikling i arbeidetNærmiljømøte i samband med riving av gammal, og bygging av ny skule på Dale

Nærmiljømøte i samband med riving av gammal, og bygging av ny skule på Dale

Omtrent 40 naboar møtte opp då Vaksdal kommune inviterte til nærmiljømøte i Turbinen tysdag 12. juni. 

På møtet orienterte prosjektleiar Willy-André Gjesdal i Vaksdal kommune og prosjektleiar Rune Vonheim frå Consto (totalentreprenør) om arbeidet som skal utførast i samband med riving av gammal og bygging av ny skule på Dale.

Riving startar 14. juni

Entreprenøren startar med riving 14. juni, og rivearbeidet skal vere ferdig i midten av august. Etter ønske frå kommunen har Consto ein stram framdrift og vil arbeide intensivt gjennom sommaren. Denne typen arbeid gir ein del støy og støv. Som mottiltak set vi blant anna opp tette gjerde mot dei  nærmaste naboane. Utover hausten skal det framtidige bygget pelast, og dette arbeidet vil også gi ein del støy. 

Omlegging av vatn og avløp

Vaksdal kommune legg også om vatn og avløp rundt skulen. Dette arbeidet startar 20. juni i krysset Lauvgardsvegen/Markvegen. Entreprenøren, Tverberg, vil arbeide seg inn Lauvgardsvegen og opp Skulegata. 
Vaksdal kommune fornyar då alle leidningane til eigedomsgrensene. Vi rår samtidig bustadeigarar til å vurdere å skifte leidningane inn til eige hus. Alle  aktuelle bustadeigarar vil få skriv frå kommunen om korleis dei skal gå fram.

Klikk her for å lese presentasjonen til Willy André Gjesdal (PDF)

Klikk her for å lese presentasjonen til Rune Vonheim(PDF)


Sist oppdatert: 08.11.2019
Publisert: 28.09.2018