HeimSkule og utdanningNy skule på Dale opnar 2020Utvikling i arbeidetBKK startar med gravearbeid på Dale i veke 15

BKK startar med gravearbeid på Dale i veke 15

BKK skal setje opp ny nettstasjon og legge nye kabelanlegg  i samband med nytt skulebygg på Dale. Dei startar gravearbeidet i veke 15, og dette vil vare fram til veke 22. 
Ingen vegar blir stengde, men det vil bli smalare veg i anleggsperioden. Arbeid som skal gjerast i vegkryss vil utførast på tidspunkt med liten trafikk. 
For nokre eigedomar kan det i periodar bli avgrensa framkomst med bil inn og ut av frå eigedomane.
Når nettstasjonen skal monterast vil delar av området rundt barneskulen bli avsperra.

Alle arbeider skal ferdigstillast innan 12. juni. 

Vi beklager ulempene for innbyggjarane i området.

Området det skal gravast er markert med blå strek:

Kartteikning av graveområdet

 


Sist oppdatert: 08.11.2019
Publisert: 28.09.2018