HeimSkule og utdanningNy skule på Dale opnar 2020Utvikling i arbeidetArbeid på Dale i sumar i samband med bygging av ny skule

Arbeid på Dale i sumar i samband med bygging av ny skule

Gamleskulen blir revet

Området rundt skulen er sperra av

Entreprenøren Consto har no overtatt Dale barne- og ungdomsskule, med unntak av ungdomsskulen der det skal vere undervisning dei to neste åra. Det er sett opp gjerde rundt bygget og området er no sperra av. Det er ikkje tillete å gå inn på området utan avtale og verneutstyr. Det er viktig at dette  blir respektert. Det medfører stor risiko å bevege seg innafor sperringane.

Rivinga av skulen er godt i gang

Den fyrste veka har entreprenøren "handreve" realfagsbygget, symjehallen og gymsalen. Inventar og utstyr er sortert i containerar og vindauga er ute. I vekene framover vil store deler av realfagsbygget, symjehallen og gymsalen bli revet.

Anleggsarbeid i samband med omlegging av vass- og avløpsleidningar

Tverberg Entreprenør vil tysdag 26. juni byrje på prosjektet med omlegging av vass- og avløpsleidningar i Lauvgardsvegen og Skulegata. Dei vil byrje i krysset Markvegen/Lauvgardsvegen og arbeide seg innover Lauvgardsvegen og opp Skulegata (raud trasè). Lauvgardsvegen vil bli stengt for gjennomkøyring frå tysdag. Når entreprenøren har arbeida seg fram til Skulegata, vil også denne vegen bli stengt for gjennomkøyring og parkering.
VA-omlegginga bak symjehallen (raud trasé) er utsett til entreprenøren på skulen er ferdig med dei tunge arbeida i dette området. Stien frå Dalseidvegen og opp til Parken er allereie stengt grunna arbeid med riving av skulen.

Kartteikning

Omlegging av høgspentkabel

BKK har lagt om høgspentkabelen som gjekk gjennom skulen. Dei vil arbeide seg vidare frå Kyrkjegata og opp Holhovdvegen etter ferien. Det vil innebere stenging av vegen i denne perioden. Vaksdal kommune vil varsle i god tid før stenging av vegen.


Sist oppdatert: 08.11.2019
Publisert: 28.09.2018