HeimSkule og utdanningNy skule på Dale opnar 2020Skisser av den nye barne- og ungdomsskulen på Dale

Skisser av den nye barne- og ungdomsskulen på Dale

Skisser av den nye barne- og ungdomsskulen på Dale

Det skal byggjast ny skule for 250 elever (1-10. klasse) med kultursal/auditorium, folkebibliotek, kulturskule og symjehall. Samla areal er 5.846 m² (bruttoareal). Skulen skal vere klar til drift ved skulestart august 2020.

Rådgjevarar frå Rambøll presenterte skissene for det nye skuleanlegget på Dale for kommunestyret 12.februar 2018.

Klikk her for å åpne presentasjonen til Rambøll med mogelegheit til å sjå større bilete. (Vi gjer merksam på at filen er stor) (pdf).

Fleksibelt bygg

Nybygget, som blir på to etasjar, skal utformast slik at det er mogleg å byggje ein tredje etasje på den eine eller på begge fløyane av bygget, for å gi fleksibilitet for framtidig folketalsauke.

Barneskulen mot aust, ungdomsskulen mot vest og kultur- og samfunnsdelen i midtpartiet

Frå hovudinngangen har du direkte tilkomst til folkebiblioteket kultursal/auditorium med aktivitetssal og til mat og helse med kantine. Undervisningsromma for 1. - 4. trinn ligg i austre del av 1.etasje med tilkomst direkte frå barneskulen sitt uteområde.

 

I 2. etasje i austfløyen er 5.- 7. trinn plassert lengst nord, over 1.-2. trinn med eigen inngang frå uteområdet i 1. etasje med trapp og heis opp til etasjen.
Heile ungdomsskulen er plassert i 2.etasje av vestfløyen i bygget. Kvart trinn har eigen garderobe, og elevgruppa får inngang til sine areal frå uteområdet via to inngangar.
Administrasjon, personalrom, lærararbeidsplassane og skulehelsetenesta er i bygget sin 2. etasje mot søraust.
Symjehallen har inngang både direkte utanfrå og kan også nåast gjennom korridor inne på skulen.

Uteområde

Uteområda skal på lik linje med skulebygget, utformast slik at areala blir ein stad for målretta læring, og leggjast til rette slik at delar av undervisninga kan gå føre seg ute. Areala skal ha vegetasjon, materiale og utstyr som er med på å fremje barnas helse og trivsel. I utforming og sonedeling av uteområdet skal det tenkjast på behova til ulike aldersgrupper og kjønn.I tillegg til undervisning og pauseareal for skulen, skal skuleområdet også vere ein møteplass for nærmiljøet.

Delt uteanlegg

Skulen sine nye uteareal vert delt i skulegard for 1.-7. klasse mot nordaust og for 8.-10. klasse mot sørvest. Det er lagt stor vekt på kvalitet og innhald på skulen sitt uteområde for å utnytte tilgjengelege areal med så høg kvalitet som mogleg.
Store delar av skuletomta har lite høgdeforskjell, men området mot nordaust har naturlege høgdeforskjellar som er utnytta som leikeplassar og amfi.

Miljøvenlege energiløysingar

Nybygget skal førast opp etter passiv husstandard. Energiløysinga for bygget er varmepumpe basert på bergvarme. Det er lagt opp til vannbåren varme i form av golvvarme i alle rom, for oppvarming av bygget.


Sist oppdatert: 28.09.2018
Publisert: 29.06.2018