Val 2019

 

Generell valinformasjon

Her vil du finne informasjon om valet i Vaksdal kommune om førehandsrøysting, røysting på valdagen og anna viktig informasjon om valet. Det blir lagt ut fortløpende så snart valstyret har gjort vedtak.

Trykk her for å lese meir om valet hos Valgdirektoratet.

Innkomne listeframlegg til offentleg ettersyn

1. april gjekk fristen ut for å levere listeframlegg til kommunevalet 2019. Valstyret i Vaksdal har innan fristen motteke listeframlegg frå 8 ulike parti. 
Listeframlegga er lagt ut på Innbyggjarservice til offentleg ettersyn i samsvar med vallova § 6-6 (1). 
Valstyret skal behandla og godkjenna listeframlegga i sitt møte 6. mai.

Her kan du sjå dei innleverte listeframlegga.

Arbeiderpartiet (PDF)
Framstegspartiet (PDF)
Høgre (PDF)
Kristeleg Folkeparti (PDF)
Miljøpartiet dei grøne (PDF)
Raudt (PDF)
Senterpartiet (PDF)
Sosialistisk venstreparti (PDF)



Sist oppdatert: 05.04.2019
Publisert: 05.04.2019