HeimPolitikk og høyringarSlik kan du påverke politisk

Slik kan du påverke politisk

Innbyggjarforslag

Eit innbyggjarforslag gir Vaksdal sine innbyggjarar høve til å få kommunestyret til å behandle politiske saker dei er opptekne av.
Dersom du fremjar eit slikt forslag er kommunestyret forplikta til å behandle det innan 6 månader.

Slik sender du inn eit innbyggjarforslag:

Skriv tydeleg kva forslaget handlar om. I løpet av ein valperiode kan ikkje det same forslaget behandlast meir enn ein gong.

Skaff minst 300 underskrifter frå personar som støttar forslaget. Underskriftene må innehalde fullt namn og adresse. Adressene må stadfeste at alle som har underskrive bur i kommunen. Manglar adressene kan forslaget avvisast.

Minsak.no

Vi tilrår at du brukar nettsida Minsak.no for å sende inn elektronisk innbyggjarforslag.

Sida er driven av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Munnlege innlegg på kommunestyremøta - open halvtime

Det er open halvtime for publikum frå klokka 11.00. Om du har noko du vil seie til kommunestyret må du vere til stades før møtet startar, og gje beskjed om at du har ei sak du vil ta opp.

Du kan ikkje ta opp saker som er på sakslista.

Her finn du oversikt over dei politiske møta i kommunen.

Kontakt politikarar og parti

Dersom du, eller ei gruppe/foreining du representerer, har synspunkt på ei sak som skal behandlast politisk, kan du sende eit brev eller ein e-post.

Her finn du oversikt over kommunestyremedlemmer 2015-2019


Sist oppdatert: 14.11.2018
Publisert: 29.06.2018