Om ordføraren
Personalia
Fødselsdato: 30. desember 1980
Sivilstand: Gift, to born (2011 og 2016)
Utdanning:
2005: Musikkpedagog, songpedagog og klassisk songar. Barratt Due Musikkinstitutt.
2007: Ensembleledelse 1. Norges Musikkhøgskole.
2010: 60 Studiepoeng ved masterstudiet i musikkvitenskap, Universitetet i Oslo.
Arbeidserfaring
14.10.19 - : Ordførar i Vaksdal kommune
2012-2019: Songpedagog i Vaksdal Kulturskule
2012-2019: Lærar ved Dale Barne- og ungdomsskule
2017-2019: Lærar ved Stamnes skule
2005-2010: BPA, Oslo kommune
2005-2019: Frilans songar og musikkpedagog
Ordførarkjede frå Stamnes skule
Då elevane ved Stamnes skule arbeidde med tema om valet i haust laga dei ordførarkjede til den nye ordføraren som skulle bli valgt. Det var sjølvsagt ekstra stas for ordføraren å få dette flotte kjedet frå sine eigne elevar då ho var på skulen for å ha avslutning med born og vaksne.
Elevane har laga symbol for forureining, med særleg tanke på plast i havet. Eit element har påskrifta «Pass på miljøet». Eit anna symbol er eit raudt hjarte med «Fred» som påskrift. Og til sist er elevane på Stamnes opptekne av betre vegar. Eit flott kommuneskilt har fått plass på midten.
Dette er eit ordførarkjede i friske fargar som tar opp gode tema, og det har fått plass på veggen på ordførarkontoret.