Ordførar og kommunestyre
Kommunestyret er det øvste politiske organet i kommunen.
Kommunestyret er leia av ordføraren, eller av varaordføraren.
Ordførar Eirik Haga
Mobil: 930 41 036
E-post: eirik.haga@vaksdal.kommune.no
Varaordførar Sigmund Simmenes
Mobil: 971 78 471
E-post: sigmund.simmenes@vaksdal.kommune.no
Kommunestyremøte
Møta startar normalt klokka 11.00 og er opne for publikum. Møta er i kommunestyresalen i Heradshuset på Dale.
Open halvtime
Det er open halvtime for publikum frå klokka 11.00.
Om du har noko du vil seie til kommunestyret må du vere til stades før møtet startar, og gje beskjed om at du har ei sak du vil ta opp.
Du kan ikkje ta opp saker som er på sakslista.
Medlemmer og reglement
Vaksdal kommunestyre har 21 medlemmer. For valperioden 2015 - 2019 er kommunestyret slik samansett:
AP - 8 medlemmer, SP - 4 medlemmer, SV - 3 medlemmer, H - 2 medlemmer, KRF - 2 medlemmer, FRP - 1 medlem og MDG - 1 medlem.
Her finn du oversikt over kommunestyremedlemmer 2015-2019
Kommunestyret vel formannskap, og mellom medlemmene i formannskapet, ordførar og varaordførar. Kommunestyret kan opprette og legge ned faste utval og fastset sjølv arbeids- og ansvarsområde for slike utval. Alle saker som er av prinsipiell natur skal avgjerast av kommunestyret sjølv. Dette gjeld mellom anna budsjett, økonomiplan og overordna planar for den kommunale verksemda.