HjemPolitikk og høyringarKommune- og fylkestingsval 2023

Kommune- og fylkestingsval 2023

Publisert: 01.02.2023
Sist endra: 08.05.2023

Valdagen for kommunestyre- og fylkestingsvalet er sett til måndag 11.09.23.

 

 

Kommunestyre- og fylkestingval 2023

Kommunestyret i Vaksdal er øvste politiske organ i kommunen, og ved valet i 2023 skal det veljast 21 representantar som skal styre kommunen dei neste 4 åra.

Nytt fylkesting for Vestland fylke skal veljast same dagTil Fylkestinget skal det veljast 65 representantar. 

Tid og stad for røysting på valdagen er bestemt av valstyret.

Klikk her for meir informasjon om valet hjå Valdirektoratet.

 Har du stemmerett til valet?

Ulike vilkår gjeld for personar med stemmerett:

  • Norsk statsborgar
  • Ved kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023 har du stemmerett i den kommunen du er folkeregistrert som busett i før 01.06.23.
  • Ikkje norsk statsborgar folkeregistrert som busett i Norge dei siste 3 åra.
  • Er statsborgar i eit nordisk land og blitt folkeregistrert som busett seinast 30. juni i valåret.
Listeforslag til kommunevalet

Parti eller grupper som ønskjer å stille liste til kommunevalet i Vaksdal må levere liste til kommunen innan 31.mars 2023, kl.12.00.

Dette kan enten gjerast elektronisk eller på papir. 

Papirlister kan sendast i posten, men det er forlagsstillarane som har ansvar for at det kjem innan fristen. 

Klikk her for å lese mer om krav og frister

Vår postadresse: 

Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam.

Papirlistar kan og leverast direkte på Heradshuset i Konsul Jebsensgate 16, i ordinær åpningstid kl 08.00-15.00.

Du kan avtale tid på førehand for å levere papirliste. 

E-post: rikke.haagensen@vaksdal.kommune.no

Frist for å trekkja tilbake eit listeforslag er 20. april 2023 kl. 12.00

Valstyret skal godkjenne vallistene seinast 1.juni 2023.

Klikk her for å lese meir om innlevering av listeforslag

Dersom du har spørsmål kan du ringe politisk sekretær på telefon 453 14 866

Kven kan stå på listeforslaget?

Kandidatar på listeforslaget må ha stemmerett til valet og stå innført i folkeregisteret som busett i kommunen på valdagen og ikkje utelukka eller fritatt. Klikk her for å lese meir om kven som er utelukka

Tal kandidatar som skal veljast

Kommunestyret består av 21 kandidatar. Eit listeforslag til kommunestyrevalet i Vaksdal skal innehalde minimum 7 namn og inntil 27 kandidatnamn.

Stemmetillegg

Det kan gjevast stemmetillegg. Det vil seie eit tillegg i kandidaten sitt personlege stemmetal på 25 % av tal stemmesetlar lista får ved valet.

Listeforslag til kommunestyrevalet 2023

Alle listeforslag, med oversyn over representantar, vert lagt ut til offentleg ettersyn.

Det skjer så snart som dei er komne inn og registrert.  Listene vert lagt ut i den rekkjefølgja dei kjem inn.

Oversyn over lister til kommunestyrevalet: 

 Sosialistisk Venstreparti

Raudt

Fremskrittspartiet

KRF

Høgre

Arbeiderpartiet

Industri- og næringspartiet

Senterpartiet

Miljøpartiet Dei Grøne

Venstre

Valkort

Har du digital postkasse frå Digipost eller e-Boks ved kommunestyre- og fylkestingsvalget i 2023 får du valkortet digitalt.

Du vil då ha valkortet lett tilgjengeleg på mobilen på valdagen eller ved førehandsrøystinga. 

Digitalt valkort vert sendt ut før ordinær førehandsrøyting startar. Har du ikkje digital postkasse får du valkortet tilsendt i posten.

Her kan du røysta på valdagen

På valdagen 11. september kan du røysta ein av desse krinsane. Du treng ikkje vera manntalsført i krinsen, så lenge du er manntalsført i Vaksdal kommune. 

  • Vaksdal krins: Vaksdal Samfunnshus kl 11.00-20.00
  • Dale krins: Dalesalen, Dale skule kl 11.00-20.00
  • Eidslandet krins: Eidsland grendahus kl 11.00-18.00
Førehandsrøysting

Du kan førehandsrøyste frå torsdag 10. august til og med fredag 9. september.

Ordinær førehandsrøysting: 

Dale folkebibliotek - opningstider

  • Måndag-onsdag kl 08.30-15.00.
  • Torsdag kl 10.00-.18.00.
  • Fredag kl 08.30-15.00.

Opningstider siste veka før valdagen:

  • Tysdag-torsdag kl 08.30-19.00.
  • Fredag kl 08.30-15.00.

I tillegg vert det lagt til rette for førehandsrøysting ved Stanghelle skule, Stamnes skule, og Eksingedalen skule. 

Utanriks: 3. juli til 1. september 

Tidlegrøysting

Dersom du ikkje har høve til å røyste på valdagen 11. september, eller i den ordinære førehandsrøysteperioden 10. august til 9. september, kan du røyste tidleg frå og med måndag 3. juli til og med onsdag 9. august. Tid og stad er bestemt av valstyret.

Røyste heime

Er det vanskeleg for deg å komma deg til røystelokalet for førehandsrøysting eller til vallokalet på sjølve valdagen?

Då kan du søkja om å røyste heime. Frist for å søkje om å få røysta heime er tysdag 05.09.23 kl 12.00. 

Du kan ringja til Vaksdal kommune på telefon 56 59  44 00 og gjera ein avtale om å røysta heime. 

Utlegging av manntal til offentleg ettersyn

For å kunne røyste ved kommunestyre- og fylkestingsvalet må du stå innført i manntalet.

Oversikt over manntalsførte i Vaksdal blir lagt ut til offentleg ettersyn. 

Manntalet vert lagt ut følgjande stader: 

  • Innbyggjarservice i Heradshuset
  • Vaksdal folkebibliotek - hovudbiblioteket på Dale og filial Vaksdal
  • Coop Stanghelle
  • Joker Stamnes

Dersom du ikkje står i manntalet og meiner at det er feil, kan krav om retting meldast til den kommunen du er heimehøyrande i.

Dersom du har flytta til kommunen og folkeregisteret ikkje har fått melding før 30. juni står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå.

Du må då røyste i den kommunen som du er manntalsført i, eller du kan førehandsrøyste i Vaksdal.