HeimPolitikk og høyringarHøyringarTemaplan for hjorteforvaltning - høyringsfrist 3. mai 2019

Temaplan for hjorteforvaltning - høyringsfrist 3. mai 2019

Formannskapet/planutvalet har vedtatt offentleg ettersyn og høyring av framlegg til Temaplan for hjorteforvaltning, 2019-2023, med kommunale mål og tiltak.  

I fylgje hjorteviltforskrifta § 3, skal kommunar som har opna for jakt på hjort, fastsetje mål for utvikling av bestandane. Framlegg til slike mål for Vaksdal kommune, går no fram av temaplanen som er lagt ut på høyring.
Føremålet med planen er å setje rammer for rettshavarane si forvaltning gjennom bestandsplanar.

Høyringsdokument:

- Her finn du høyringsframlegg til temaplan (PDF)
- Her finn du følgjeskriv til offentleg høyring (PDF)
Trykk her for å lese sakspapir frå møte i Formannskapet/planutvalet 25. mars 2019

Høyringsfrist er 3. mai 2019.

Skriftlege høyringssvar kan sendast til:

post@vaksdal.kommune.no
eller:
Vaksdal kommune
Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam

Eventuelle spørsmål kan rettast til landbruksrådgjevar Tore Henrik Øye:

Mobil: 911 27 337
E-post: tore.henrik.oye@vaksdal.kommune.no


Sist oppdatert: 29.03.2019
Publisert: 29.03.2019