HeimPolitikk og høyringarHøyringarMogelegheitsstudie for bygg i helse og omsorg - høyringsfrist 8. mars

Mogelegheitsstudie for bygg i helse og omsorg - høyringsfrist 8. mars

Mogelegheitsstudia med tre alternative løysingar for bygg er utarbeida av Norconsult i samarbeid med leiarar og representantar for tilsette. Innspel frå brukarrepresentantar og prosjekt- og arbeidsgruppe er teke med i prosessen, og utvida byggjegruppe har vore på synfaring i fire nabokommunar for å vurdera ulike bygningsmessige løysingar.

Planlegging av framtidige bygningar og tenesteprofil inngår i prosjektprogrammet «Lev Vel i Vaksdal». Programmet skal realisera planar frå tidlegare utviklingsarbeid og strategiar frå Kommunedelplan helse og omsorg.

Dei bygningsmessige løysingane vil gi føringar for tenesteprofil og struktur i åra framover. Alternativ 2, der plassane vert samlokaliserte gir store fordelar for fagmiljø, rekruttering og kvalitet på tenestene. Det opnar og for mogelegheit til å utvikla Daletunet til eit helsehus med omsorgsplassar og tenester knytt til førebygging, meistring og rehabilitering. Dette alternativet, der sjukeheimsplassane er lokalisert på Vaksdal, vil vere rimelegare, den mest arealeffektive og vil gi størst byggfornying.

 Når høyringsrunden er ferdig skal kommunestyret avgjere kva alternativ som skal til vidare utgreiing.

Trykk her for å lese mogelegheitsstudie

Trykk her for å sjå teikningane til mogelegheitsstudie

Høyringsfrist er fredag 8. mars. 
Høyringssvar kan sendast til:
post@vaksdal.kommune.no

Eller til:
Vaksdal kommune
Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Kommunalsjef Solrun Hauglum:

Innbyggjarservice:

Folkemøte på Dale og Vaksdal

Dale: Turbinen måndag 18. februar kl. 18.00 -19.30.

Vaksdal: Vaksdal sjukeheim onsdag 20. februar, aktivitetsstova i 1. etasje kl. 18.00 – 19.30.

Folkemøta er planlagt saman med Eldrerådet og Råd for menneske med nedsett funksjonsevne.


Sist oppdatert: 11.02.2019
Publisert: 11.02.2019