HeimPolitikk og høyringarHøyringarHøyring om revisjon av konsesjonsvilkår

Høyring om revisjon av konsesjonsvilkår

NVE viser til brev frå interesseorganisasjonar med krav om revisjon av konsesjonsvilkår i Teigdalsvassdraget, Eksingedalsvassdraget, samt Modalen/ Steinslandsvassdraget og Torfinnsvassdraget.
I tillegg peikar NVE på at det i denne samanheng også kan vera aktuelt å sjå på andre regulerte vassdrag som kan ha påverknad på dette vassdragsystemet t.d Bergsdalsvassdraget.

Dette gjeld kommunane Vaksdal, Modalen, Vik, Voss, Kvam og Høyanger; sistnemnde i liten grad. NVE ber om eit samordna krav om revisjon av konsesjonsvilkår for desse vassdragsreguleringane.

Kommunane har frist til 1. juli med å utforme eit felles krav om revisjon, der vi konkret peikar på tema og problemstillingar som vi ynskjer å få nærare vurdert  gjennom revisjonen. Aktuelle tema skal vera knytt til allmenne interesser.

 Dei enkelte kommunane vil i denne perioden gjennomføre ei kort høyring vedkomande dei aktuelle konsesjonane i kommunen. Vaksdal kommune har i tillegg hatt eit møte med interesser i Eksingedalen og Bergsdalen. Alle innspel vert vurdert i samband med sak til behandling i kommunestyret 17.juni.

Vaksdal kommune ber med dette om skriftlege innspel til tema og problemstillingar som bør vurderast i ein revisjon. Frist for innspel er sett til 20 mai 2019.

Innspel sendast til


Sist oppdatert: 03.05.2019
Publisert: 03.05.2019