HeimPolitikk og høyringarHøyringarHøyring - tiltaksstrategi for SMIL 2019-2022 - Frist 3. mai

Høyring - tiltaksstrategi for SMIL 2019-2022 - Frist 3. mai

Formannskapet/planutvalet har vedtatt offentleg ettersyn og høyring av framlegg til tiltaksstrategi for tilskotsordninga Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL).

Føremålet med tiltaksstrategien er å fremje natur- og kulturminneverdiar, og å redusere ureininga frå jordbruket ut over det ein kan vente gjennom vanleg jordbruksdrift.
«Forskrift om tilskot til miljøtiltak i jordbruket» § 1, seier at prosjekt og tiltak skal prioriterast ut frå lokale målsetjingar og strategiar.
I dette høve har kommunen ansvar for å utarbeide kommunal tiltaksstrategi som grunnlag for prioritering og tildeling av midlar.
Målsetjinga er å få ei best mogeleg målretting av midlane ut frå behova og utfordringane lokalt.

Høyringsdokument:

Her finn du høyringsframlegget til tiltaksstrategi for SMIL-midlar (PDF)
Her finn du følgjeskrivet til offentleg høyring (PDF)
Trykk her for å lese sakspapira frå møte i Formannskapet/planutvalet 25. mars 2019

Høyringsfrist er 3. mai 2019.

Skriftlege høyringssvar kan sendast til:

post@vaksdal.kommune.no
eller til:
Vaksdal kommune
Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam

Eventuelle spørsmål kan rettast til landbruksrådgjevar Tore Henrik Øye:

Mobil: 91 12 73 37
E-post: tore.henrik.oye@vaksdal.kommune.no


Sist oppdatert: 29.03.2019
Publisert: 29.03.2019