Samanslåing av eigedomar

Eig du to eller fleire eigedomar i same kommune, kan du krevje å få dei slått saman til éin eigedom med eitt gards- og bruksnummer, (jf. matrikkellovas § 18).

Som hovudregel vert det kravd at eigedomane grensar til kvarandre.

Samanslåing kan ikkje gjennomførast dersom det vil føre til prioritetskollisjon mellom panthavarar.

Ved samanslåing vert panterett utvida til heile den samanslåtte eigedomen eller festeretten.

Slik søkjer du

Trykk her for å opne skjema samanslåing av eigedomar (pdf). 

Send skjema til

Kva kostar det?

Samanslåing av eigedommar er gebyrfritt.

Kva skjer vidare?

Kommunen kontrollerer at vilkåra for samanslåing er til stades, og kravet vert sendt vidare til tinglysing. Finn tinglysingsetaten at vilkåra er oppfylt, merkast samanslåinga i grunnboka, og kommunen vert varsla.

På same måte kan fleire festerettar slåast saman dersom dei ligg på same grunneigedom.

Trykk her for å lese om samanslåing av eigarseksjonar, sjå seksjonering/reseksjonering.

Kontakt

Har du spørsmål om samanslåing av eigedomar, ta kontakt:

Telefon 56 59 44 00

E-post: post@vaksdal.kommune.no 


Sist oppdatert: 31.05.2023
Publisert: 15.10.2018