Oppmåling

Oppmålingsavdelinga har ansvar for oppmåling i samband med oppretting av nye eigedomar. Det vert også utført arbeid knytt til klarlegging av eksisterande eigedomsgrenser og rettar, grensejustering, arealoverføring med meir. 

Slik søkjer du
  • Fyll ut søknad for oppmålingsforretning. Søknad finn du her. 
  • Teikn inn forslaget til ny eigedomsgrense på eit kart, eller ta kontakt med kommunen for å få eit situasjonskart. Kartet skal du leggje ved søknaden. Anslå storleiken på arealet som er ønska oppmålt.
  • Før søknaden vert sendt inn til kommunen, må naboar varslast. Les meir om nabovarsling her. Er du usikker på kven som er naboane dine? Naboliste over aktuelle naboer kan du bestille hos kommunen eller Ambita Infoland. Kvittering for nabovarsel legg du ved søknaden. 
Kva kostar det?

Sjå oversikt over prisar. 

I tillegg kjem tinglysingsgebyr i dei sakene som krev tinglysing.

Kva får du?

Vi foretar anten grensejustering ved små endringar, eller arealoverføring ved større endringar.

Du får oppmålt, vist og merka eigedomsgrensa di, og du får satt ned offentlege grensemerke der det er mogeleg. Dei nye eiendomsgrensene vert registrert i eigedomsregisteret.

Kva skjer vidare? 

Ved matrikkelføring av ei sak som krev oppmålingsforretning, skal kommunen kontrollere at alle nødvendige offentlege løyve og anna naudsynt dokumentasjon ligg føre. Den som styrer oppmålingsforretninga, skal gje melding om tid og stad for forretninga. Varselet skal sendast til den som har krevd forretninga og alle som har grunnboksheimel til (eller kan godtgjere at dei eig) tilstøytande grunn. Det skal førast protokoll frå oppmålingsforretninga.

Når rekvisisjon for oppmålingsforretning er motteke og det ikkje er avtalt noko anna med rekvirenten, skal kommunen gjennomføre oppmålingsforretninga og fullføre matrikkelføringa innan 16 veker.

Etter oppmålingsforretninga vert den nye eigedommen (ny matrikkeleining) ført inn i matrikkelen og sendt til Statens kartverk for tinglysing saman med ev. nødvendige erklæringar.

Når den nye eigedommen er tinglyst, skal kommunen utferde eit matrikkelbrev som skal sendast den som har rekvirert frådelinga, saman med protokoll frå oppmålingsforretninga.

Kontaktinformasjon

Treng du svar på spørsmål eller rettleiing, ta kontakt med:

Tone Dale

Mobil: 472 68 380
E-post: tone.dale@vaksdal.kommune.no

Geir Håkon Steine


Sist oppdatert: 20.10.2023
Publisert: 02.10.2018