Deling av eigedom/tomt

Ved deling av ein eigedom, blir eit areal av ein eksisterande eigedom frådelt. Det vert oppretta ein eigen eigedom (ny matrikkeleining) som får tildelt eige matrikkelnummer; dvs. gardsnummer og bruksnummer. Den nye eigedommen blir registrert i grunnboka og i matrikkelen. Avgjersle omkring deling av eigedom finn du i Plan- og bygningslova og matrikkellova.

Slik søkjer du
  1. Fyll ut søknadsskjema Rekvisisjon av oppmåling (pdf). Søknaden må underskrivast av samtlege heimelshavarar. Ein kan også rekvirere oppmålingsforretning i same skjema.
  2. Teikn inn forslaget til ny eigedomsgrense på eit kart, eller ta kontakt med kommunen for å få eit situasjonskart. Her skal det gå fram korleis ein ynskjer å dele. Kartet skal du leggje ved søknaden. Anslå storleiken på arealet som er ønska oppmålt. 
  3. Før søknaden vert sendt inn til kommunen, må naboar varslast. Les meir om nabovarsling her. Er du usikker på kven som er naboane dine? Naboliste over aktuelle naboer kan du bestille hos kommunen eller Ambita Infoland. Kvittering for nabovarsel legg du ved søknaden. 
  4. Send inn søknad på e-post til post@vaksdal.kommune.no, eller pr post til Vaksdal kommune, Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam 
Kva kostar det?

Sjå oversikt over prisar her.

Kva skjer vidare?

Når søknaden er registrert i kommunen, føretek vi ein enkel gjennomgang av saka. Er det manglar i saka, orienterer vi om dette. Treng søknaden handsaming/uttale frå andre offentlege instansar, tek kommunen ansvar for innhenting av desse. Blir det søkt om frådeling av ein landbrukseigedom, må søknaden også handsamast av landbruksetaten med heimel i Jordloven § 12.
 
Vedtaket fattast med heimel i plan og bygningslova. Vedtaket stilast til søkjaren med kopi til eventuelle partar som har hatt innspel til søknaden.
 
Når delingsløyve er give, rekvisisjon om oppmålingsforretning er motteke og eventuelle vilkår for delinga er oppfylt, vert eigedomen målt opp.

Kontakt oss

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Geir Håkon Steine

Tone Dale


Sist oppdatert: 12.06.2023
Publisert: 01.06.2018