Kva gjeld for eigedomen?

Matrikkelen - offisielt eigedomsregister

Matrikkelen er Norge sitt offisielle eigedomsregister, med informasjon om eigedomsgrenser, areal, bygningar, bustader og adresser.

Matrikkelen inneheld opplysningar om eigedommen sine fysiske eigenskapar.

For å sjå kva som er registrert på eigedommen din, kan du gå inn på www.norgeskart.no for å få eit utdrag, eller bestille matrikkelbrev frå kommunen som gir ein fullstendig oversikt.

Les meir om matrikkelen og kva opplysningane kan brukast til her. 

Feil i kart

Dersom du oppdagar ei grense som du meiner er feil, eller du har informasjon om ei grense som ikkje er registrert, kan du ta kontakt med kommunen.

I slike saker kan det vere nødvendig å skaffe dokumentasjon som viser kva du meiner er riktige grenser for eigedomen. Dette kan vere gamle skylddelingsforretningar, jordskiftekart, eller private avtalar.

Dersom du og naboen er einig i at grensene er feil, kan de krevje at kommunen rettar opplysningane.

Dersom du og naboen er ueinige om kvar grensa går, kan verken Kartverket eller kommunen avgjere tvisten. Saka må takast inn for forliksrådet, dei ordinære domstolane, eller jordskifteretten.

Fyll ut skjema "Matrikkelen - Krav om retting" og send til

Ulike nett-tenester

Du kan gjere oppslag på din eller andre sin eigedom via ulike nett-tenester:

Finn brukseiningsnummer 

Dersom det er knytt fleire brukseiningar til ei veg- eller matrikkeladresse, t.d. ei bustadblokk, vil den offisielle adressa også bestå av eit brukseiningsnummer. 

Les meir om korleis du finn brukseiningsnummer her.

Reguleringsplanar 

Ein reguleringsplan gir detaljerte rammer for kva eit areal kan brukast til, og er grunnlaget for å ta stilling til byggjesøknader og andre søknadspliktige tiltak i eit område.

Her kan du lese meir om reguleringsplanar og korleis du kan finne ut kva som gjeld for eigedommen din.  

Kontakt

Har du spørsmål, eller har problem med å finne kart, send ein e-post til:


Sist oppdatert: 20.10.2023
Publisert: 01.06.2018