Jakt og fiske

Jakt

Jegerprøven

Vil du jakte eller drive fangst, må du først ta jegerprøven. Alle som er fylt 16 år, og som ikkje er registrerte i Jegerregisteret, må klare jegerprøven før dei utøver jakt, felling eller fangst.

Prøven inneheld eit obligatorisk kurs og ein elektronisk eksamen. Det obligatoriske kurset er på 30 timar, og du kan gå opp til prøven frå det kalenderåret du fyller 14 år.

I Vaksdal kommune er det Dale Jakt- og Fiskarlag som arrangerer jegerprøvekurs. Kursa vert lyste ut i  Vaksdalposten. Ta kontakt med Dale Jakt- og Fiskarlag for meir informasjon.         

Vaksdal kommune gjennomfører eksamen for deg som har delteke på jegerprøvekurs. Du som skal gå opp til eksamen må betale eit jegerprøvegebyr på kr. 300,-, som gjeld for eitt eksamensforsøk.

Du som greier prøven blir registrert i Jegerregisteret. Det gir rett til å utøve sjølvstendig småviltjakt og fangst, etter fylte 16 år. Du kan utøve sjølvstendig storviltjakt frå og med 18 års alder.

Les meir om om jegerprøven på Miljødirektoratet sine nettsider. 

Småviltjakt 

Småvilt kan jaktast med både hagle og rifle, og jakta kan utøvast av alle som har gyldig jegeravgift og løyve frå grunneigarane. Aldersgrensa for å utøve småviltjakt utan tilsynsjeger, er 16 år.

I Vaksdal vert det meste av småviltressursane og jaktkortsalet forvalta av følgjande lag:

  • Dale-Vaksdal grunneigarlag
  • Bergdalen jordbrukslag
  • Stamnes grunneigarlag
  • Høgafjellet Sør grunneigarlag
  • Eksingedalen grunneigarlag
  • Øvre Eksingedalen grunneigarlag

Reglane for jakt på rype, og sal av jaktkort, kan variere mellom områda og frå sesong til sesong  Det er difor viktig å setje seg inn i kva som gjeld til kvar tid.

Enkelte grunneigarlag i kommunen sel jaktkort på Inatur og eit søk på nettstaden vil gje nærare informasjon om gjeldande tilbod. Gå til Inatur sine nettsider her. 

Les meir om småviltjakt på Miljødirektoratet sine nettsider.             

Fellingsløyve og hjortejakt

Vaksdal kommune tildeler fellingsløyve for hjort til godkjende hjortevald innan 15. juni kvart år. Minstearealet i kommunen er bakgrunn for tildelinga. Det er i dag 1000 dekar.

Kommunen kan vike frå minstearealet med inntil 50 % ved tildeling av løyve til valda.

Fellingsavgifta for kvart felte dyr i kommunen, er i dag kr 180,- for kalv  og kr 350,-  for vaksne dyr (frå 1 ½ år).

Jaktretten på hjort er knytt til grunneigarretten.

Oversikt over grunneigarlag i kommunen
  • Dale-Vaksdal grunneigarlag
  • Bergsdalen jordbrukslag
  • Stamnes grunneigarlag
  • Høgafjellet Sør grunneigarlag
  • Eksingedalen grunneigarlag
Sett hjort

Vaksdal kommune gjennomfører «Sett hjort»-registrering under jakta, der jegerane melder inn dyr som er sett og skote. Dette vert gjort gjennom «www.settogskutt» eller ved bruk av «Sett hjort»-skjema»

Les meir om «Sett hjort» og hjortejakta i Hjorteviltregisteret.           

Påkøyrsel og offentleg ettersøk

Dersom du er uheldig og køyrer på ein hjort eller anna vilt, er du pliktig å varsla. Den enklaste måten er å ringje politiet på 02800, som varslar vidare til ettersøksmannskapet. Det er ikkje straffbart å køyre på vilt, det viktigaste er å varsle om ulukka. 

Varsling er også viktig dersom det vert skader på bil. Forsikringsselskapa kan krevje stadfesting på at politiet eller kommunen er varsla om ulukka. Stadfesting får ein hjå kommunen.

Hugseliste ved påkjørsel

Dette må du gjere:

  • Sikre ulukkesstaden med varseltrekant og naudblink.
  • Ring 02800 for å varsle politiet med ein gong, slik at ettersøket kan starte så tidleg som mogleg og viltet unngår unødig plage.
  • Få oversyn over eventuelt skadde personar og ring 113 dersom dei treng hjelp.
  • Merk påkøyrselsstaden med eit viltband eller anna (tau, pose eller liknande).
  • Oppsøk lege viss du har smerter i nakke eller hovud etter påkøyrsel.

Ikkje gjer dette:

  • Ikkje følg etter det skada dyret sjølv. Det gjer arbeidet til ettersøkshunden vanskelegare.
  • Ikkje prøv å avlive viltet sjølv. Dette skal gjerast av kommunen.
  • Ikkje ta med deg eit påkøyrd og dødt vilt utan løyve.

 

Sjå Mattilsynet sine heimesider for meir informasjon om viltpåkøyrsel

Kommunen sine opppgåver i viltforvaltninga
  • Forvaltning etter gjeldande lover og forskrifter
  • Fallvilt (påkøyrd og skadd/sjukt vilt)
  • Tildeling av fellingsløyve (hjort) for vald utan godkjent driftsplan
  • Kontroll/registrering av fellingsrapporter
  • Registrering og analyse av sett hjort-skjema
  • Godkjenning av vald
  • Godkjenning av driftsplanar/bestandsplanar for hjort
  • Forvaltning av kommunen sitt viltfond

Fiske

Fiske etter innlandsfisk

Retten til å fiske ligg til grunneigarane, og det meste av fiskeressursane i kommunen vert forvalta av følgjande lag:

  • Dale-Vaksdal grunneigarlag
  • Bergdalen jordbrukslag
  • Stamnes grunneigarlag
  • Høgafjellet Sør grunneigarlag
  • Eksingedalen grunneigarlag
  • Øvre Eksingedalen grunneigarlag
  • Vaksdal fiskarlag

I fleire område i Vaksdal, sel grunneigarlaga fiskekort på vegne av grunneigarane. Der det ikkje er sal av fiskekort, må fiske avtalast med grunneigar, dersom det ikkje er innført «fritt fiske» på staden.

Fiskekartet for Vaksdal gjev nyttig informasjon om fisket i mange av vatna i kommunen, mellom anna om bestandsforhold og sal av fiskekort.

For fjella i Vaksdal er det utarbeidd eit fiskekart med informasjon om fiskeressursane i kommunen. Her finn du mellom anna opplysingar om fisket i ulike vatn, mellom anna om det vert seld fiskekort. Sjå fiskekart her (pdf). 

I Ekso, ovanfor lakseførande del, vert det seld fiskekort for fiske etter brunaure. Her kan ein vere heldig og få stor fisk. Fiskekort kan kjøpast på Inatur, og nærare informasjon om fisket går fram av Ekso Villfisk sine nettsider. 

Sjå oversikt over kontaktpersonar i dei ulike laga nedst på sida. 

Fiske etter laks og sjøaure 

I Vaksdal kommune er det to vassdrag som fører sjøaure og laks; Daleelva og Ekso. Retten til fiske ligg til elveeigarane, som legg til rette for sal av fiskekort.

I Daleelva er det Dale Jakt- og Fiskarlag som forvaltar fisket og sel fiskekort på vegne av grunneigarane.             

I Ekso er det Esko elveeigarlag som står for dette. Elveeigarlaget har facebookside, med informasjon om fiskeforvalting og fiske. 

Fisketider og fiskekortordningar kan variere frå år til år, og interesserte vert oppmoda til å ta kontakt med dei nemnde laga  for nærare informasjon.

Sjå oversikt over kontaktpersonar i dei ulike laga nedst på sida. 

Fiskeutsetting

Fiskeutsetting krev løyve frå kommunen. 

Ta kontakt med Tore Henrik Øye for meir informasjon.

Kontakt

Har du spørsmål, ta kontakt med 

Tore Henrik Øye

Rådgjevar landbruk

Fallvilt, ettersøk og jegerprøve

Terje Danielsen Kvamme

Mobil: 959 87 552

Oversikt over grunneigarlag i kommunen
  • Dale-Vaksdal grunneigarlag
  • Bergsdalen jordbrukslag
  • Stamnes grunneigarlag
  • Høgafjellet Sør grunneigarlag
  • Eksingedalen grunneigarlag

 


Sist oppdatert: 29.10.2018
Publisert: 26.06.2018