Turbinen

Leigeprisar Turbinen fleirbrukshall 2024

Desse gruppene betalar ikkje leige for bruk av kommunale bygg:

  • Lag og organisasjonar som driv aktivitetar for born og unge
  • Aktivitetar for seniorar
  • Aktivitetar for menneske med nedsett funksjonsevne 

Prisar i Turbinen pr time 2023

  Pris pr time
Leige av heil hall – vaksne, lag og org Kr 390,53
Leige av del av hall – vaksne, lag og org Kr 199,98
Leige av sosialrom Kr 290,02
Leige av spinningrom Kr 199,98
Leige av foajé Kr 290,02

Kommersielle aktørar, og større arrangement som er eigna til å gå med overskot, betalar kr 5418,22 pr dag.

Trene fast i styrkerommet
Bruk av styrkerommet: Kr 209,40  pr månad
Kjøp av nøkkelbrikke: Kr 128,78 pr stk 
Om Turbinen fleirbrukshall

Turbinen fleirbrukshall er Vaksdal kommune si storstove. Hallen vart opna 25. januar 2014.

Hallen består av ein idrettshall med speleflate for handballkampar. Her er også merka og utstyrt for basketball, volleyball og badminton. Hallen kan delast i tre med skiljeveggar ved behov. Hallen har scene og eit enkelt lydanlegg. Det er fire ordinære garderobar og to mindre dommar-/instruktørgarderobar. I samband med inngangspartiet er det eit enkelt kjøkken og kafeområde. 

I andre etasje er det eit godt utstyrt styrkerom som er ope for alle over 16 år. For å få tilgang må ein kjøpe seg ei nøkkelbrikke og betale litt for reinhald. Ønskjer du treningsmedlemskap, klikk her. I same etasje er det også eit rom med spinningsyklar. Dette kan leigast av grupper. Det er ein garderobe med dusj i denne etasjen.

I tredje etasje er det eit sosialrom med prosjektør, lerret, og lydanlegg med teleslyngje. Dette rommet eignar seg godt for mindre kurs (opp til ca 40 personar), men kan også leigast til konfirmasjonar, runde dagar eller andre mindre selskap.  

Kontaktinformasjon

Er du interessert i å delta på treningar, bruka styrkerom, leiga andre rom eller ynskjer annan informasjon, ta kontakt med 

Driftsleiar Ole Johnny Domben

Besøksadresse:

  • Sandlivegen 14. 5722 Dalekvam

Sist oppdatert: 02.01.2024
Publisert: 26.06.2018