Kulturmidlar

Vil du søkje kulturmidlar, sjekk kva du kan søkje på her:

Søknadsskjema finn du nederst på siden.

Spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet - søknadsfrist 01.12.19

Kven kan søkje?

Søknadsberettiga er i hovudsak kommunar, idrettslag, enkelte friluftslivsorganisasjonar og velforeiningar. Andre søkjarar kan og bli godtatt etter godkjenning av laget sine vedtekter.

Kva kan støttast?

Det kan søkjas om midlar til bygging og rehabilitering av ulike typar anlegg for organisert idrett, enkelte friluftslivsanlegg og anlegg for eigenorganisert fysisk aktivitet. Dei viktigaste målgruppene til idrettsføremål er born og ungdom (6-19 år).

Nokre tiltak krev ei førehandsgodkjenning frå kommunen. Vil du søkje tilskot til anlegg for idrett/ fysisk aktivitet eller løypetiltak, ta kontakt med oss før du søkjer.

Korleis søkje?

Trykk her for  komme til søknadsskjema og informasjon om søkjeprosessen på anleggsregisteret.no.

Innlogging er via ID-porten.

Kan eg fornye eller gjenta søknad som er send tidlegare?

Då må du ha referansenummeret på den tidlegare innsende søknaden. Det finnar du på kvitteringa du fekk ved innsending. Dersom du ikkje finn referansenummeret, ta kontakt med oss.

Fekk nokre i Vaksdal kommune spelemidlar i 2019? 

Av søknadane som kom inn i 2018, fekk desse tilskot:

  • Ballbinge på Stanghelle
  • Elvekryssing i løype i Bergsdalen
  • Klatretårn ved Turbinen
  • Treningsapparat ved Turbinen.

Har du spørsmål, ta kontakt med Magne Rønning Eikeland:

 

Tilskot til idrettslag - søknadsfrist 1. mars 

Tilskotet vert gjeve til drift av barne- og ungdomsaktivitetar etter tilråding frå Idrettsrådet. Idrettsrådet held av ein pott til felles tiltak, som vert fordelt etter søknad. Tilskotet vert gjeve til idrettsgreiner innanfor definisjon til Norges Idrettsforbund (NIF).
Tilskot til Vaksdalsmeisterskap vert gjeve etter tilråding frå Idrettsrådet, som mellom anna ser på kostnaden med arrangementet for dei ulike idrettsgreinene og talet på deltakarar. Idrettslaga får fritt nytta kommunale idrettsanlegg mot at dei betalar for renovasjon og reinhald. 

Utbetaling skjer to gongar kvart år. 75 % av tilskotet vert tildelt i april, søknadsfrist for resterande tilskot er 1. september.

Tilskot til song og musikklag - søknadsfrist 1. mars

Tilskot gis etter tilråding frå Vaksdal Musikkråd. Skulekorpsarbeidet og aktivitetar for born og unge vert prioritert område. 

Tilskot til instrument - søknadsfrist er 1. mai (OBS! eige søknadsskjema sendast til Vaksdal musikkråd - sjå skjema her)

Tilskotet skal bidra til at korps og kor i kommunen får høve til å fornye og utvikle instrumentparken sin. Vaksdal musikkråd har utarbeidd følgjande retningsliner:

  1. Det er ein føresetnad for tildelinga at korpset/koret held til i Vaksdal kommune og er aktivt medlem i Vaksdal musikkråd.
  2. Einskildpersonar kan ikkje søkja.
  3. Tilskotet skal gå til kjøp av instrument, ikkje til anna drift. Instrumentkjøpet skal dokumenterast i ettertid, og tildelt tilskot må brukast innan året er slutt.
  4. Tilskotet skal ikkje dekkje heile kjøpesummen.
    1. Skulekorps/barnekor kan få dekkja inntil 75% av kjøpesummen, vaksenkorps/vaksenkor kan få dekkja inntil 65% av kjøpesummen.
    2. Ved kjøp av einskildinstrument med innkjøpspris på kr. 40.000,- eller meir, kan laget søkje om å få dekkja inntil 80% av kjøpesummen. Søkjarar må ha ein plan for eigenfinansiering av restbeløpet. Denne planen skal vere inkludert i søknaden.
  5. Søknaden vert å sende på eige søknadsskjema
  6. Vaksdal musikkråd utarbeider ei innstilling. Søknadene vert så handsama administrativt i Vaksdal kommune.

 

Tilskot til barne- og ungdomsarbeid - søknadsfrist 1. mai

Tilskot til barne- og ungdomslag omfattar lag som driv aktivitetar primært for barn og ungdom.

Søknadsfrist til barne- og ungdomsarbeid er 1. mai kvart år.

Tilskot til ålment kulturarbeid - frist 1. februar og 1. september

Tilskot til ålment kulturarbeid vert tildelt lag og einskildpersoner som driv kulturarbeid som ikkje har born og unge som si hovudmålgruppe, til dømes:

  • Tilskot til einskildarrangement. Tilskipar legg ved informasjon om arrangementet, samt eit budsjett i balanse for tilskipinga.
  • Tilskot til særskilde føremål. Til dømes startstilskot, publikasjonar og liknande som kjem innbyggjarane i Vaksdal kommune til gode.
  • Tilskot til 17. mai komitear. Tilskotet vert fordelt etter tal born.
  • Tilskot til 1. mai feiring. Tilskotet vert basert på omland og deltakarar

Utbetaling skjer to gongar kvart år. Søknadsfrist første gong er 1. februar, resterande tilskot er 1. september.

Kulturstipend - søknadsfrist 1. mars

Kommunestyret deler kvart år ut stipend på inntil kr. 10.000,- til ungdom under utdanning som ynskjer å utvikle særlege evne innan musikk, idrett eller kunst.
Stipendet vert kunngjort her på kommunen si heimeside, samt i lokalpressa. 

Kulturpris - forslag sendast innan 1. mars

Kulturprisen vert tildelt av kommunestyret ein gong årleg til person eller lag som har gjort eller gjer ein særskild innsats innanfor kulturfeltet.
Prisen vert tildelt etter framlegg frå andre enn prisvinnaren. Prisen er kr. 10.000,- og ein spesiallaga diplom eller maleri til verdi inntil kr. 12.000,-.

Trykk her for å opne elektronisk søknadskjema for Kulturmidlar

Du brukar same søknadsskjema til dei ulike tilskota bortsett frå tilskot til instrument, sendast til Vaksdal musikkråd.
Trykk her for å opne skjema for tilskot til instrument.

Du kan og skrive ut skjemaet og sende det til 

Vaksdal kommune
Konsul Jebsensgate 16
5722 Dalekvam 

Krav til søkjar

For å få rett til grunnstønad til kulturarbeid i Vaksdal kommune vert følgjande kriterium lagt til grunn:

  • Laget må vere lokalisert i Vaksdal kommune.
  • Laget/aktiviteten må vere open for alle. Avgrensingar i alder er tillat.
  • Laget må vere aktivt.
  • Laget må leggje opp til eigenaktivitet, skaping, framføring, utøving, formidling eller tileigning av ferdigheiter/kunnskapar. Berre samkome er ikkje nok.
  • Laget må sende inn godkjent årsmelding og rekneskap for drifta ved søknad om stønad.
  • Laget må skaffe seg inntekt på annan måte enn ved kommunal stønad.
  • Tilskot vert tildelt etter vurdering av medlemstal, driftskostnad, alderssamansetning og aktivitetsnivå.
  • Interesseorganisasjonar, ideelle organisasjonar, livssynsorganisasjonar, partipolitiske lag og liknande kan berre få tilskot i samband med einskilde kulturarrangement.

Kontakt 

Har du spørsmål om ordninga, ta kontakt med 

Ole Johnny Domben


Sist oppdatert: 14.11.2019
Publisert: 11.09.2018