HjemNatur, kultur og fritidKultur og idrettSøkje om midlar, kulturpris

Søkje om midlar, kulturpris

Fritidstilskot 2024

TIlskot til fritidsaktivitetar for barn og unge

Kva er fritidstilskotet?

Fritidstilskotet skal gi barn og unge moglegheit til å delta i organiserte fritidsaktivitetar uavhengig av familieøkonomi. Ordninga er tillitsbasert.

Kven kan få tilskot?

Barn og unge i alderen 6-18 år frå familiar med økonomiske utfordringar som er folkeregistrert i Vaksdal kommune. Barnet/ungdommen kan få støtte frå det året dei fyller 6 år til og med det året dei fyller 18 år.

Kva kan du søkje om støtte til?

Betaling for kostnadar knytt til faste, organiserte fritidsaktivitetar i Vaksdal kommune. Barnet/ungdommen kan få støtte til ein aktivitet.

Dette kan vere:

  • Medlemskontingent og treningsavgift i fast organisert fritidsaktivitet
  • Lisensar
  • Kulturskuleavgift
  • Eigenandel for turar, treningsleirar, deltaking på stemne og cupar m.m. som naturleg inngår som ein del av den faste organiserte aktiviteten
  • Nødvendig utstyr

Fritidstilskotet dekker ikkje utgifter til treningssenter, skulefritidsordning og lommepengar

 Kor mykje støtte kan du få?

Du kan få inntil kr 2 000,- i støtte til eitt barn/ungdom i løpet av eitt år. Søknadsåret går frå 22.05.23 - 31.12.23. Søknadsbeløp må vera minimum kr 300,- pr. barn/ungdom. Det kan søkjast fleire gonger i løpet av året til same aktivitet.

Kven kan søkje, og kva ansvar har søkjaren?

  • Trenarar og leiarar i frivillige lag og organisasjonar, ressurspersonar som jobbar i kommunen, som helsesjukepleiarar, flyktningtenesta, lærarar, rådgjevarar, barnevernstenesta m.m.
  • Du som søkjar har ansvar for å gå god for at barnet er i målgruppa for ordninga. Du må få samtykke frå føresette om at det vert søkt om støtte, og du må avtale med lag/organisasjon for å følgje opp at barnet deltek i aktiviteten det er søkt om støtte til.
  • Privatpersonar kan ikkje søkje.

Ordninga er tillitsbasert og vi krev ikkje dokumentasjon av familien sin økonomiske situasjon.

Korleis søke om støtte?

Her finn du søknadsskjema (innlogging med ID-porten)

  • Du må sende søknad for kvart barn du søkjar for.
  • Det er ingen søknadsfrist. Søknadar vert behandla fortløpande, og du får svar seinast innan 3 veker.
  • Søknaden skal innehalda informasjon om kven du søkjer for og kva det vert søkt om støtte til. 

Lurer du på noko, ta kontakt med:

Maren Amanda Torkildsen

Spelemiddeltilskot til kulturbygg - søknadsfrist 1.mars

Kven kan søkje?

Frivillige lag og organisasjonar, kommunar og fylkeskommune kan søkje på ordninga. Andre lag, organisasjonar og selskap kan også søkje, avhengig av vedtektene til laget. Spelemidlar skal ikkje gjerast om til forteneste for private fortenestebaserte aktørar.

Kva kan støttast?

Midlane kan nyttast til nybygg, ombygging og modernisering av kulturbygning, men ikkje til vedlikehald eller drift.

Trykk her for meir informasjon, retningsliner og søknadsskjema frå Vestland fylke.

Korleis søkje?

Trykk her for meir informasjon og søknadsskjema på anleggsregisteret.no. (Innlogging er via ID-porten).

Kan eg fornye eller gjenta søknad som er sendt tidlegare?

Då må du ha referansenummeret på den tidlegare innsende søknaden. Det finnar du på kvitteringa du fekk ved innsending. Dersom du ikkje finn referansenummeret, ta kontakt med oss.

Søknadsfrist er 1. mars 2024, og sakane vert prioritert av formannskapet.

Spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet - søknadsfrist 1. november

Kven kan søkje?

Søknadsberettiga er i hovudsak kommunar, idrettslag, enkelte friluftslivsorganisasjonar og velforeiningar. Andre søkjarar kan og bli godtatt etter godkjenning av laget sine vedtekter.

Kva kan støttast?

Du kan søkje om midlar til bygging og rehabilitering av ulike typar anlegg for organisert idrett, enkelte friluftslivsanlegg og anlegg for eigenorganisert fysisk aktivitet. Dei viktigaste målgruppene til idrettsføremål er born og ungdom (6-19 år).

Vil du søkje tilskot til anlegg for idrett/ fysisk aktivitet eller løypetiltak, ta gjerne kontakt med oss før du søkjer.

Korleis søkje?

Trykk her for  komme til søknadsskjema og informasjon om søkjeprosessen på anleggsregisteret.no.

Innlogging er via ID-porten.

Krav til søknad:

Søknad skal sendast via www.anleggsregisteret.no.

Informasjon som skal fyllast ut:

  1. Prosjektinformasjon - tiltak og funksjon
  2. Kontakt og rekneskapsinformasjon
  3. Kostnadar - kostnadsoverslag for kjøp av varer og tenester og verdi av dugnad
  4. Søknadsbeløp og finansieringsplan
  5. Vedlegg:
  • Målsette teikningar
  • Dokumentasjon på eventuell dugnad (denne skal dokumenterast med innhenta tilbod frå leverandør/entreprenør, eller vere bekrefta frå kvalifisert fagperson).
  • Dokumentasjon på øvrige delar av finansieringsplanen (eigenkapital, lånetilsegn, garanti, aksjekapital, andre tilskot)
  • Dokumentasjon på kostnader
  • Plan for drift av anlegget
  • Dokumentasjon på eigedomsforhold/ rett til bruk av grunn.
  • Behovsvurdering

Behovsvurdering:

For alle nye søknadar skal det ligge ved ei behovsvurdering som skal svare på desse punkta:

1. Type anlegg som er planlagt bygd:
2. Behovet er: (innhald og dimensjonering (f.eks. tal brukarar/type bruk) av det planlagte anlegget)
3. Korleis er anlegget vurdert i kommunens planar?
4. Kvar ligg anlegget i forhold til andre anlegg (avstand), då særskild liknande anlegg?
5. Innbyggjartal/befolkingsdata:
6. Kven skal bruka anlegget?:
7. Tal medlemmar i idrettslaget/-laga som skal bruke anlegget:
8. Kven skal drifte anlegget?

Kan eg fornye eller gjenta søknad som er send tidlegare?

Då må du ha referansenummeret på den tidlegare innsende søknaden. Det finnar du på kvitteringa du fekk ved innsending. Dersom du ikkje finn referansenummeret, ta kontakt med oss.

Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) har i 2022 gjort nokre tilpassingar som kommunane har bede om: 

  • Makssats for ein anleggsstad på 1,5 mill NOK er fjerna
  • Det er ikkje lenger vilkår – men framleis ein fordel – at nærmiljøanlegg må omtalast i kommunal plan
  • Krav til levetid for nærmiljøanlegg er redusert frå 20 til 10 år

Kontakt 

Om spørsmål til ordninga, ta kontakt med Oliver Gravermoen på e-post oliver.gravermoen@vaksdal.kommune.no

 

Tilskot til idrettslag - søknadsfrist 1. oktober

Tilskot blir gitt til drift av barne- og ungdomsaktivitetar etter tilråding frå Idrettsrådet. Idrettsrådet held av ein pott til felles tiltak, som vert fordelt etter søknad. Tilskotet blir gitt til idrettsgreiner innanfor definisjon til Norges Idrettsforbund (NIF).

Tilskot til Vaksdalsmeisterskap blir gitt etter tilråding frå Idrettsrådet, som mellom anna ser på kostnaden med arrangementet for dei ulike idrettsgreinene og talet på deltakarar. Idrettslaga får fritt nytte kommunale idrettsanlegg mot at dei betalar for renovasjon og reinhald. 

Utbetaling skjer to gongar kvart år. 75 % av tilskotet vert tildelt i april, søknadsfrist for resterande tilskot er 1. september.

Søknad

Send inn søknad om tilskot til post@vaksdal.kommune.no eller ved brev til Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam

Tilskot til song og musikklag - søknadsfrist 1. mars

Tilskot blir gitt etter tilråding frå Vaksdal Musikkråd. Skulekorpsarbeidet og aktivitetar for born og unge er prioritert område. 

Send inn søknad om tilskot til post@vaksdal.kommune.no eller ved brev til Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam

Tilskot til instrument - søknadsfrist er 1. mai

OBS! Her er eit eige søknadsskjema som sendast til Vaksdal musikkråd.

Trykk her for å opne søknadsskjemaet (PDF) 

Tilskotet skal bidra til at korps og kor i kommunen får høve til å fornye og utvikle instrumentparken sin. Vaksdal musikkråd har utarbeidd følgjande retningsliner:

  1. Det er ein føresetnad for tildelinga at korpset/koret held til i Vaksdal kommune og er aktivt medlem i Vaksdal musikkråd.
  2. Einskildpersonar kan ikkje søkja.
  3. Tilskotet skal gå til kjøp av instrument, ikkje til anna drift. Instrumentkjøpet skal dokumenterast i ettertid, og tildelt tilskot må brukast innan året er slutt.
  4. Tilskotet skal ikkje dekkje heile kjøpesummen.
    1. Skulekorps/barnekor kan få dekkja inntil 75% av kjøpesummen, vaksenkorps/vaksenkor kan få dekkja inntil 65% av kjøpesummen.
    2. Ved kjøp av einskildinstrument med innkjøpspris på kr. 40.000,- eller meir, kan laget søkje om å få dekkja inntil 80% av kjøpesummen. Søkjarar må ha ein plan for eigenfinansiering av restbeløpet. Denne planen skal vere inkludert i søknaden.
  5. Søknaden vert å sende på eige søknadsskjema
  6. Vaksdal musikkråd utarbeider ei innstilling. Søknadene vert så handsama administrativt i Vaksdal kommune. 
Tilskot til barne- og ungdomsarbeid - søknadsfrist 1. mai

Tilskot til barne- og ungdomslag omfattar lag som driv aktivitetar primært for barn og ungdom.

Søknadsfrist til barne- og ungdomsarbeid er 1. mai kvart år.

Søknad

Send inn søknad om tilskot til post@vaksdal.kommune.no eller ved brev til Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam

Tilskot til ålment kulturarbeid - frist 1. februar og 1. september

Tilskot til ålment kulturarbeid vert tildelt lag og einskildpersoner som i hovudsak ikkje har born og unge som si hovudmålgruppe, til dømes:

  • Tilskot til einskildarrangement. Tilskipar legg ved informasjon om arrangementet, samt eit budsjett i balanse for tilskipinga.
  • Tilskot til særskilde føremål. Til dømes startstilskot, publikasjonar og liknande som kjem innbyggjarane i Vaksdal kommune til gode.
  • Tilskot til 17. mai komitear. Tilskotet vert fordelt etter tal born.
  • Tilskot til 1. mai feiring. Tilskotet vert basert på omland og deltakarar

Utbetaling skjer to gongar kvart år. Søknadsfrist første gong er 1. februar, resterande tilskot er 1. september.

Send inn søknad om tilskot til post@vaksdal.kommune.no eller ved brev til Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam

Kulturstipend - søknadsfrist 1. april

Formannskapet deler kvart år ut stipend på inntil kr. 10.000,- til ungdom under utdanning som ynskjer å utvikle særlege evne innan musikk, idrett eller kunst.
Stipendet vert kunngjort her på nettsida til kommunen, og i lokalpressa.

Send inn søknad om tilskot til post@vaksdal.kommune.no eller ved brev til Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam 

Kulturpris - forslag sendast innan 1. april

Kulturprisen blir tildelt av formannskapet ein gong årleg til person eller lag som har gjort eller gjer ein særskild innsats innanfor kulturfeltet.
Prisen vert tildelt etter framlegg frå andre enn prisvinnaren. Prisen er kr. 10.000,- og ein spesiallaga diplom eller maleri til verdi inntil kr. 12.000,-.

Søknad

Send inn framlegg til post@vaksdal.kommune.no eller ved brev til Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam

Kulturprisutdeling 

Kulturprisvinnar 2023

  • Stian Jordalen

Kulturprisvinnarane 2022

  • Ole Hesjedal 2020
  • Jan Erik Kolaas – 2021
  • Linda Lien – 2022

Trykk her for å lese heile saka om utdeling av kulturprisane.

Søknadsskjema for kulturmidlar og krav til søkjar

Du søkjer elektronisk. Innlogging med ID-porten (BankID eller liknande).

Trykk her for å opne elektronisk søknadskjema for kulturmidlar

Du brukar same søknadsskjema til dei ulike tilskota bortsett frå tilskot til instrument, sendast til Vaksdal musikkråd.

Trykk her for å opne skjema for tilskot til instrument.

Du kan og skrive ut skjemaet og sende det til 

Vaksdal kommune
Konsul Jebsensgate 16
5722 Dalekvam 

Krav til søkjar

For å få rett til grunnstønad til kulturarbeid i Vaksdal kommune vert følgjande kriterium lagt til grunn:

  • Laget må vere lokalisert i Vaksdal kommune.
  • Laget/aktiviteten må vere open for alle. Avgrensingar i alder er tillat.
  • Laget må vere aktivt.
  • Laget må leggje opp til eigenaktivitet, skaping, framføring, utøving, formidling eller tileigning av ferdigheiter/kunnskapar. Berre samkome er ikkje nok.
  • Laget må sende inn godkjent årsmelding og rekneskap for drifta ved søknad om stønad.
  • Laget må skaffe seg inntekt på annan måte enn ved kommunal stønad.
  • Tilskot vert tildelt etter vurdering av medlemstal, driftskostnad, alderssamansetning og aktivitetsnivå.
  • Interesseorganisasjonar, ideelle organisasjonar, livssynsorganisasjonar, partipolitiske lag og liknande kan berre få tilskot i samband med einskilde kulturarrangement.
Tilskot til bygdeutvikling

Trykk her for å lese korleis kva du ka søkje midlar til og korleis du søkjer.

Kontaktinformasjon kulturmidlar og kulturpris

Har du spørsmål om kulturmidlar eller kulturpris, ta kontakt med 

Ole Johnny Domben


Sist oppdatert: 16.04.2024
Publisert: 11.09.2018