Frivillig

Vaksdal frivilligsentral

Vil du bruke litt av di tid saman med andre? 
Vil du treffe nye menneske?

Ynskjer du å melde deg som frivillig, kan du ta kontakt med Vaksdal Frivilligsentral. 

Les meir på Vaksdal frivilligsentral sine heimesider.

Friskus

Digital møteplass for aktivitet og frivilligheit. 

Enkelt å delta. Enkelt å organisere. Meir tid til menneske. 

Gjennom Friskus kan du sjå og delta på arrangement og frivillige oppdrag, organisere eigne arrangement via din organisasjon eller berre halde deg oppdatert på kva som skjer i nærområdet.

Med din eigen Friskus-profil har du enkel oversikt over aktivitetane i kommunen og alt du vil delta på. 

Les meir om Friskus og sjå oversikt over arrangement her. 

Kontaktperson i kommunen

Anita Sævild

BULK - utlånssentral av utstyr til sport, fritid og friluftsliv startar 23. januar 2020

23. januar startar vi opp eit nytt tilbod til barn og unge i kommunen:

BULK er ein utlånssentral av utstyr til sport, fritid og friluftsliv kor alle barn og unge i Vaksdal kommune kan låne utstyr gratis til sport, fritid, friluft og spelekveldar.

Vi vil samstundes opprette ein samlingsplass for brettspel / PS4 o.l.i opningstida til BULK på Turbinen.

Alle barn og unge er velkomne til BULK!

Stad: Turbinen på Dale

Tid: Torsdagar kl 16.00-20.00 - frå 23. januar!

Tilbodet er gratis!

Har du utstyr du ikkje lenger brukar, tek vi gjerne imot. Det kan vere:

  • Langrenn: ski, stavar, sko
  • Alpint: ski, stavar, støvler
  • Snowboard: brett, sko
  • Telt/ soveposar eller liknande
  • Skøyter
  • Brettspel
  • Anna fritidsutstyr for barn og unge

Utstyr kan leverast på Turbinen på Dale

  • Torsdag 16. januar kl 12.00 - 17.00

 Lurer du på noko, ta kontakt med:

BULK er oppretta av Vaksdal kommune og Vaksdal frivilligsentral.


Sist oppdatert: 13.01.2020
Publisert: 01.06.2018