HeimNatur, kultur og fritidBorgarleg vigsel

Borgarleg vigsel

Vil du gifte deg borgarleg?

Kontakt innbyggjarservice

Pris for tenesta

Tilbodet er gratis dersom du bur i kommunen du vil gifte deg i. Det er tilstrekkeleg at ein er busett i kommunen. Dette gjeld sjølv om du for tida er busett i utlandet. Dersom ingen av dykk bur i kommunen du skal gifte deg i, kan det medføre kostnadar. Det får du vite når du tar kontakt.

Vilkår for vigsel - erklæringar og attestar

Før vigselen må brudeparet sørgje for at eigenerklæringar, forlovarerklæringar og attestar er sende til Folkeregisteret, som skal stadfeste at vilkåra for å inngå ekteskap er oppfylt. Du finn oversikt over skjema som du treng på Skatteetaten sine sider.

Folkeregisteret vil deretter skrive ut ein prøvingsattest som er gyldig i fire månader. Orginal prøvingsattest må sendast til:
Vaksdal kommune, Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam, eller leverast i Innbyggjarservice på Heradshuset seinast to veker før vigselen. Alle spørsmål knytte til prøvinga må rettast til Folkeregisteret ved det regionale skattekontoret ditt. Endeleg vigselattest vil bli ettersendt av Folkeregisteret.

Spesielt for utanlandske statsborgarar

Alle utanlandske statsborgarar, med unntak av nordiske borgarar, må dokumentere lovleg opphald i Norge på vigselstidspunktet. Dette vert gjort ved innlevering/innsending av prøvingsattest, eller seinast en dag før vigsel.

Korleis foregår seremonien

Kommunen gjev deg tilbod om eit høveleg lokale og om kva tidspunkt dei kan tilby vigsel. 

Paret med følgje må møte opp i god tid før avtalt tid for vigsel.

Brudepar må vise legitimasjon før seremonien startar. Vi godtar gyldig pass, eller norske førarkort og bankkort med bilde og personnummer. Asylsøkjarbevis vert ikkje godteke som legitimasjon.

Det skal vere to vitne til stades under seremonien. Dette er vanlegvis forlovarane, men det kan også vere to andre myndige personar.

Seremonien varer i 10-15 minutt. Ein folkevalt, eller ein tilsett i kommunen, står for vigselen. De blir vist inn i seremonirommet saman med gjestene. Sjølve vigselen skjer ved at vigslaren les ein fastsett tekst for borgarleg vigsel. Deretter blir de spurde om de vil ha kvarandre til ektefellar. Så erklærer vigslaren dykk som ektefolk.

Det er anledning til å sette på ringar under seremonien. Vennlegast gi beskjed om dette til vigslaren før seremonien startar. Desse tek de på når vigslaren har erklært dykk for ektefolk.

Til slutt underskriv de, vitna og vigslaren vigselsprotokollen.

Desse er vigslarar i Vaksdal kommune

Ordførar Eirik Haga

Varaordførar Sigmund Simmenes

Kommunalsjef Ann Kristin Bolstad

Kva skjer så?

Kommunen sender ei vigselmelding til Folkeregisteret innan tre dagar etter vigselen. Samstundes får de ein kopi. Han fungerer som midlertidig vigselattest inntil de får den endelege i posten frå Folkeregisteret. 

Språk

Det kan på førehand avtale at vigselen skal foregå på engelsk. Dersom paret verken forstår norsk eller engelsk, må paret sjølv ta med seg ein kvalifisert tolk.

Kjønnsnøytral ekteskapslov

1. januar 2009 fekk Noreg kjønnsnøytral ekteskapslov. Dette inneber at personar av same kjønn kan inngå ekteskap. Tidlegare inngått partnarskap kan omgjerast til ekteskap ved søknad til folkeregisteret.

 


Sist oppdatert: 28.11.2018
Publisert: 23.08.2018