Næringsutvikling

Næringsfondet - frist 31. mars og 30. september

Næringsfondet skal nyttast til å fremje næringsføremål i kommunen, inkludert primærnæringane. 

Du kan søkje om stønad til varige driftsmidlar og produksjonsfremjande tiltak. Nyskaping og sysselsetting har prioritet.

Det vert ikkje gjeve tilskot til vanleg drift eller sanering av gjeld. Fondet kan nyttast til kommunale tiltak.  

Kven kan søkje?

  • Bedrifter/næringsføretak registrerte i Brønnøysundregistera, inkl. landbruksføretak

Søknadsfristar

  • 31. mars og 30. september 

Stønadsformer og stønadsvilkår

  • Det kan gjevast stønad i form av lån eller tilskot. Samla finansiering frå fondet skal som hovudregel ikkje overstige 30 %, eller kr 300.000,- av den totale kapitaltrongen for prosjektet/tiltaket. 

Krav til søknaden

Søknaden skal vere skriftleg, med tiltaksplan og følgjande innhald:

  • Bakgrunn, mål/hensikt, søkjar/tiltakshavar/prosjektleiar, prosjektskildring med framdriftsplan og kostnads-/finansieringsplan.

Har du spørsmål, ta kontakt med landbruksrådgjevar Tore Henrik Øye

Telefon: 911 27 337

E-post: tore.henrik.oye@vaksdal.kommune.no

Fondskapitalen består av konsesjonsavgift frå Eviny etter

  • regulering av Eksingedalsvassdraget
  • utbygging av Myster kraftverk
  • utbygging Åsebotn og Hellandsfosen

I tillegg kjem overførte midlar frå Vaksdal landbruksfond.

Bunden kapital (grunnkapital) er sett til kr 7 millionar kroner.

Trykk her for å lese vedtektene til næringsfondet.

Presisering av oppstart for næringsfondet:

Kommunestyret gjorde følgjande vedtak i sak 05/2023, 21.2.2023:

Oppstartsdato for Næringsfondet skal vere 14.06.22, og søknader sendt inn etter denne dato skal behandlast. Det må søkjast innan 1 år etter tiltaket er iverksett. Det er opp til fondsstyret å vurdere dato for når eit tiltak er fullført eller ikkje.

Vaksdal næringsselskap

Vaksdal Næringsselskap AS skal vera ein aktiv pådrivar for å gjere Vaksdal kommune til ein attraktiv nærings- og tilflyttingskommune.

Klikk her for å lese meir om Vaksdal næringsselskap. 

Følg Vaksdal næringsselskap på facebook.

Kontaktinformasjon

Dagleg leiar Jørgen Lie Kjøndal

E-post: jorgen.lie.kjondal@vnsas.no

Telefon: 476 51 121

Invest in Bergen

Invest in Bergen er finansiert av Hordaland fylkeskommune og følgjande kommuner:
Askøy, Austrheim, Bergen, Eidfjord, Fedje, Fusa, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Os, Osterøy, Radøy, Samnanger, Sund, Ulvik, Vaksdal, Voss og Øygarden.

Klikk her for å lese meir om Invest in Bergen.

Etablerersenteret i Bergen

Etablerersenteret i Bergen tilbyr kurs i etablering, rettleiing og nettverkstreff til gründere og oppstartbedrifter i Hordaland.

Klikk her for å lese meir om Etablerersenteret.

Biosfæreområde - Nordhordland

Trykk her for å lese om Nordhordland biosfæreområde.

Visit Bergen

Frå 1.1.22 er Vaksdal kommune medlem i Visit Bergen. 

Trykk her for å lese meir om Visit Bergen


Sist oppdatert: 07.02.2024
Publisert: 12.11.2018