Eigedomsskatt

Eigedomsskatt 2024

Kommunestyret har vedteke at den generelle skattesatsen for 2024 er 7,0 promille.

Skattesatsen er uendra frå 2023.

For bustadeigedomar, fritidseigedomar og ubygde eigedomar til bustad og fritidsføremål, er det vedteke skattesats på 3,2 promille.

For næring utanom kraftverk er skattesatsen sett til 6,0 promille.

For å sjå oversikt over faktura, logg inn på Min side.

Meir informasjon om eigedomsskatt

Kven har fritak for eigedomsskatt?

For eigedom eigd av stiftingar og institusjonar med allmennyttig formål, som er ført opp på eigedomsskattekontoret si liste av 26.02.2010, blir det gjeve fritak for eigedomsskatt.

Fritak blir og gjeve i 10 år for nye bustader.

Forfall på faktura

Eigedomsskatten forfell til betaling i 4 terminar saman med kommunale avgifter.

Private kan få faktura månadleg/halvårleg/årleg om ønskjeleg. 

Korleis blir eigedomsskatten bestemt?

Taksten for eigedomsskatt er ikkje det same som salstakst/verditakst eller skattetakst.

Data frå omsetning av eigedomar i kommunen er utgangspunkt for verdivurdering.  Eigedomane er synfart og oppmålt utvendig.

Eigedomsinformasjon frå matrikkelen er lagt til grunn og det er gjort arealvurderingar av bygg og etasjar.

Ulike reduksjonsfaktorar er nytta for å vurdere alder og standard på bygg (Indre Faktor) og område (Sone). 

For hytter og fritidshus er det nytta reduksjonsfaktor for ulike hytteområde (Ytre faktor).

Basert på dette er det utarbeida ein meir "sjablongmessig" verdi for ulike eigedomar i kommunen. Eigedomane er ikkje vurdert innvendig.

Privatrettslege avtaler og hefter skal ikkje vektleggjast ved taksering. Det er eigedommen som objekt som skal takserast. Kven som drar nytte av eigedommen gjennom eksempelvis private avtaler, skal ikkje vurderast. Til dømes vil ein avtale om burett eller tilkomstrett over eigedommen ikkje påverke taksten.

Sist hovudtaksering vart utført i 2019, med verknad frå 2020 og er gjeldande i ti år. Nye eigedomar og andre endringar blir justert for årleg

Klage over verdien kan bli fremja kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt, dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare år. Klage vert avgjort av ei nemnd som kommunestyret vel.

Trykk her for å lese kva Skatteetaten skriv om eigedomsskatt.

Her finn du  Lov om eigedomsskatt §7, om fritak frå eigedomsskatt.

Kontakt oss om eigedomsskatt

For spørsmål om berekning av eigedomsskatt, ta kontakt med:

Innbyggjarservice

Tone Dale 

For spørsmål rundt faktura for eigedomsskatt, kontakt

Tove Bruvik Erdal

E-post: post@vaksdal.kommune.no


Sist oppdatert: 28.02.2024
Publisert: 15.10.2018