Enøkstønad
No kan du som er eigar av bustad i Vaksdal kommune søkje om støtte til energisparande tiltak
Kven kan søkje, og kva kan du søkje støtte til?
- Du må eige bustaden og bu i bustaden sjølv
- Bustaden din har ikkje fått støtte i tidlegare søknadsrundar
Det er ikkje mogeleg å søkje om tilskot dersom bustaden tidlegare har fått tilskot gjennom ordninga. Dette er uavhengig av eigarskap til bustaden. Ta kontakt med oss om du er usikker.
Vi gir kun støtte til primærbustad (ikkje hytter).
Maksimalt støttebeløp
Maksimalt støttebeløpet er kr 20 000,-. Du kan søkje om ein støtte pr bustad. Søknaden kan innehalde fleire tiltak. Utgifter til arbeid/handtverkar må dokumenterast frå godkjent leverandør. Eige arbeid blir ikkje dekka.
Tidsperiode
Tilskot til tiltaket gjeld frå 01.01.2024 til 31.12.2024. Tiltaket og betaling må vere gjennomført i dette tidsrommet. Tiltak som er iverksett utanom dette tidsintervallet fell utanfor ordninga.
Søknadsskjema for enøk-støtte
Logg deg på søknadsskjema med elektronisk ID (Bank-ID eller liknande)
Trykk her for å opne søknadsskjema.
Søknadsprosessen
- Du vil få ei stadfesting frå oss på at tiltaket ditt er godkjent.
- Etter gjennomført tiltak må du sende oss dokumentasjon innan 4 månader etter innsendt søknad.
OBS! Søknadene blir behandla etter kvart som dei kjem inn (først til mølla).
Treng du hjelp, eller er usikker på noko, ta kontakt med oss
- Telefon: 56 59 44 00
- E-post: post@vaksdal.kommune.no
Kontaktperson: Truls Morten Kaland
Krav til søknad og dokumentasjon
Søknad må innehalde skildring av tiltak i samsvar med det som er skildra under bustadtiltak hos Enova .
Etter gjennomført tiltak må du sende dokumentasjon til kommunen innan 4 månader etter innsendt søknad. Dokumentasjon må innehalde:
Namn, personnummer, adresse, kontonummer, skildring av gjennomført tiltak, kopi av faktura og dokumentasjon av betaling i bank/terminal.
Om du oppgir feile opplysningar kan vi krevje støttebeløpet tilbake. Det kan bli kontroll på om tiltaket blir gjennomført i tråd med søknad.
Ramme
Kommunestyret bevilga i fjor kr 3 millionar til enøk-støtte for 2024. Når beløpet er brukt opp fell ordninga vekk.