Enøkstønad for 2023
Svar på søknad om midlar til ENØK-tiltak
Vi er i gang med å senda ut dei siste svara på søknader om Enøk-stønad og har no starta behandlinga av innsendt dokumentasjonen. I denne tildelingsrunda har vi fordelt 3 millionar i enøk-stønad til 150 innbyggarar/husstandar. Det var ikkje midlar til alle som har søkt, så om lag 20 personar får dessverre avslag på søknaden.
Hugs å sende inn kopi av både kvittering og faktura. Om du sender inn all dokumentasjon tidleg, vil du få stadfesting på utbetalinga raskare, og deretter sjølve utbetalinga.
Kva skjer vidare
- Tiltaket og betaling må vere gjennomført innan 31.12.23.
- Etter innsending av kvittering og annen dokumentasjon vil du motta eit nytt vedtak gjeldande utbetaling.
- Førehandsgodkjenninga er gyldig fram til 31.12.23. Etter dette fell den bort av seg sjølv, dersom søknad om utbetaling ikkje er sendt inn.
- Frist for innsending av dokumentasjon er 31.01.24.
- Utbetalingvedtak og utbetalingar startar ikkje før alle saker er handsama.
Sist oppdatert:
02.11.2023
Publisert:
15.10.2018