HeimKoronaRåd til foreldre om handtering av koronavirus

Råd til foreldre om handtering av koronavirus

Mistenker du at du er sjuk:

  • Ring 453 77 777 mellom kl 08.30 og 16.00

  • Eller legevakt på telefon 116 117 - heile døgnet

Helsedirektoratet har laga ein film som retter seg mot barn og unge. I filmen svarar Helen (lege i Helsedirektoratet) på spørsmål frå Hermine på 13 år.

Trykk her for å sjå filmen.

Symptomene på sjukdommen er som ved andre luftvegsinfeksjonar, hoste, feber, sår hals, brystsmerter og pustevanskar.

 Snakk med barna om sjukdom og hygiene

  • Dei aller fleste som blir smitta av koronavirus, blir ikkje alvorleg sjuke, men mange barn kan bli redde når dei høyrer om koronavirus, og det er viktig at barna får faktabasert kunnskap om sjukdomen. 

  • Gje barna informasjon om god håndhygiene. Minn særleg barna om at dei må vaske hendene før dei et og at dei bør unngå å ta seg til munnen, nasen og augene med uvaska hender når dei er ute blant folk. Hugs at også mobiltelefonen kan vere ei smittekjelde.

  • Minn barna på at dei må hoste eller nyse i albogekroken.

Trykk her for å halde deg oppdatert på Folkehelseinstituttet sine nettsider.


Sist oppdatert: 15.03.2020
Publisert: 09.03.2020