HeimKoronaOppdateringar - kva skjer i Vaksdal

Oppdateringar - kva skjer i Vaksdal

Informasjon til foreldre og føresette om opning av barnehagane 20. april

Slik vert kvardagen i barnehagane i Vaksdal

Opningstid

Alle barnehagane i Vaksdal kommune vil opne måndag 20. april. Den fyrste veka vil opningstida vere 0800 – 1500 for alle. Dette gjer vi for å få høgare vaksentettleik og ein god start for barna som no har vore lenge heime. Redusert opningstid gjer barnehagane mogelegheit for ha tilstrekkeleg bemanning i den tida barna er i barnehagen for å møte smittevernkrava i den nasjonale rettleiaren. Alle tilsette kan vera på jobb samstundes, og barn og tilsette skal delast inn i faste grupper som er saman heile dagen.


Organisering

Barna vert delt i faste grupper. Gruppene kan endrast frå veke til veke. Det vil vera 1 vaksen og 6 barn over 3 år/3 barn under 3 år i ei gruppe. Gruppene vil i periodar på dagen samarbeide i par (2 og 2 grupper). Det kan til dømes vera 2 grupper inne/ute om gangen. De vil få melding i Vigilo kven ditt barn er i gruppe med, og kven av dei vaksne som skal vera med dei.

Levering og henting

Vi prøver så langt det let seg gjera å ta imot barna ute slik at færrast mogeleg personar utanfrå kjem inn i barnehagen. Dersom det ikkje er nokon på uteområdet og tek i mot dykk, ber me om at de venter ved inngangen til ein tilsett kjem for å ta i mot. Barn skal ha på utekle når dei møter i barnehagen. Det same gjeld ved henting. Personalet gjer klart barnet ditt for henting og møter deg i døra. Samstundes får de utekle og anna som skal vera med heim. Kom til avtalt tid, meld frå ved endringar. Me ynskjer færrast mogleg innom i barnehagen, difor er det fint om det er dei same personane som leverar og hentar.

Måltid

Alle barna må ha spist frukost før dei kjem til barnehagen. Barna må ha med matpakke til heile dagen
+ frukt. Maten må vere oppdelt viss barnet treng det. Barnehagen ordnar mjølk. Me ynskjer ikkje at de tek med drikkeflaske då barna får drikke i kopp.
I perioden vi ikkje lagar mat i barnehagen vil de heller ikkje få krav om kostpengar.

Klede og leikar

Vi kjem til å vere meir ute enn vanleg, så det er viktig å ha med gode uteklede: Dress, regntøy, støvlar, lue, vottar. Hugs òg solkrem og solbriller og/eller caps.
De må ha med to sett bytteklede, vi kan ikkje låne ut klede.

Alle klede må takast med heim kvar dag. Dei må vere tørre og reine (børst av skitt/vask ved behov) til dagen etter. Vi kan ikkje bruke tørkeskapet no. Ha minst mogeleg i garderoben. Unnatak er byteklede.
Barna kan ikkje ta med eigne leiker heimefrå. Viss barnet ditt har ein egen kosebamse for å sove, kan de ta med denne.

Hygiene og smittevern

Dei viktigaste tiltaka for å hindra smitte, er god og hyppig handvask. Alle tilsette og barn må vaske hender når dei kjem, før og etter måltid, etter stell og toalettbesøk, og når dei går inn og ut av barnehagen. Hendene skal vaskast i minst 20 sekunder, og deretter tørkast med eingongs papirhandklede.
Handvask er like viktig heime som i barnehagen. Vask hendene før de kjem i barnehagen, og med ein gong de kjem heim.
Vi oppfordra at barna er saman med få andre barn på fritida, og at leik helst skjer ute.


Ved endringar i nasjonale føringar som påverkar barnehagane vil de som foreldre/føresette få fortløpande informasjon.


Vi gler oss til å sjå dykk att – saman skal vi lage ein trygg og god barnehage 😊

Helsing frå alle oss i barnehagane

Gunn Elisabeth Melgård Aase
Einingsleiar barnehage

Foreldrebetaling når barnehage og SFO opnar - 15. april

Det blir foreldrebetaling for alle som har barnehage- og SFO-plass når desse opnar igjen i april.

Trykk her for å lese om saka på regjeringen.no.

Informasjon om kyrkjene i Vaksdal

Trykk her for å halde deg oppdatert på kva som skjer i kyrkjene i Vaksdal.

Institusjon og omsorg pluss er stengt for besøk - 18. mars

De må gjerne ta kontakt – her er telefontider til avdelingane:

Ressurssenter på Vaksdal: måndag, onsdag og fredag 14.00-16.00

  • Telefon 2. etg 56 59 31 27/24
  • Telefon 3. etg 56 59 31 37

Daletunet 4 etg: måndag, onsdag og torsdag: 12.00-13.00 og 15.00-16.00

  • Telefon 56 59 36 80

Omsorg pluss: måndag, tysdag og torsdag 10.00-11.00 og 16.00-17.00

  • Telefon: 453 76 282
Viktige endringar for Dale helsestasjon - 18. mars

Helsedirektoratet har lagt føringar for helsestasjonsdrifta under koronautbrotet for å avgrense smittespreiing.

Vi reduserer kraftig på tilbodet og vil kun følgje opp dei minste borna, barnevaksiner og dei med spesielle behov for oppfølgjing.

Det er svært viktig at vi vaksinerer under koronautbrotet, for å unngå at andre sjukdomar skal blusse opp.
Helsestasjonen skal vere ein trygg plass å kome til. Vi har stort fokus på hygiene og kjem til å halde noko avstand der det er mogeleg.

Vi prøver å unngå at mange er på venterommet samstundes

  • Ingen som er sjuke møter på helsestasjonen, uansett årsak
  • Ingen i karantene pga Covid-19 skal kome
  • Søsken bør ikkje vere med på helsestasjonen og det er også fint om berre ein forelder bringer barnet til kontroll
  • Vi har fjerna alle leikar og matter på venterommet

Gravide:

  • Møt opp på avtalt time dersom du ikkje har høyrt noko anna
  • Det kan vere aktuelt med telefonkonsultasjon
  • Alle familiar som nyleg har fått eit barn vil verte oppringt og får oppfølgjing på helsestasjonen

Born:

  • Nyfødte og dei borna som skal ha vaksiner kan behalde timane sine
  • Helseundersøkingar som kan vente vert utsett/avlyst inntil vidare
  • Det kan vere aktuelt med telefonkonsultasjonar
  • 1 år og 15 mnd born får kun vaksiner, eventuell vegleiing kan avtalast utført på telefon i etterkant
  • Kun ved 6-vekerskontrollen vert det gjeve tilbod om lege Unntak kan vere der det er spesielle behov. Dette vert avtala på telefon
  • Alle som IKKJE skal møte vil få beskjed per SMS eller telefon

Følg med på kommunen si nettside og helsestasjonen si Facebook-side for oppdatert informasjon.

Har du spørsmål er vi tilgjengelege på telefon. Trykk her for å finne kontaktinformasjon til helsestasjonen.
Vi ønsker å hjelpe og ringer oppatt om du ikkje får svar første gongen.

 

Korleis ta kontakt  med kommunelegekontoret på Dale -  frå 16. mars

Legekontoret i Heradshuset har vanlege opningstider i veka som kjem.

Legene i Heradshuset vurderer fortløpande behov for nødvendig helsehjelp, men tek fortsatt imot pasientar som har avtalt time til planlagt konsultasjon på legekontoret. 

Har du luftvegsinfeksjon?
Ring på førehand for avtale. Det er kun i heilt spesielle tilfelle at du får tilsyn av lege. Dei fleste vil bli handtert pr telefon/elektronisk eller videokonsultasjon.

Til deg som har avtale om time på grunn av luftvegsinfeksjon
Du må møte på baksida av Heradshuset

Til deg som skal ta koronatest
Dette skjer på legevakta på Voss etter avtale. Legevakta skal flytte til andre lokale i nærleik av sjukehuset. Meir informasjon kjem når dette er klart.

Dr. Hegge har begrensa kapasitet
Ho tek no ikkje imot nokon pasientar med luftvegsinfeksjonar. Hegge sine  pasientar må ta kontakt på telefonnumra som står under.

Ved mistanke om koronavirus må du ikkje komme inn på nokon av legekontora!
Ring 453 77 777 eller 116 117 

NAV er stengt for publikum - frå 16.mars

Vi ber dykk ta kontakt pr telefon eller bruke nettsida vår. Trykk her for å komme til nav.no.


Har du behov for sosialstønad, nødhjelp eller hjelp til å finna midlertidig bustad?

Ring 966 25 026 måndag-fredag kl 12.00-14.00. Her vil du få informasjon om vidare sakshandsaming..


På nav.no kan du:

  • Sjekke utbetalingar
  • Registrere deg som arbeidssøkjar
  • Finne søknadsskjema
  • Lese om rettigheiter og vilkår for stønader
  • Ditt NAV

Har du ein rettleiar, ta kontakt digitalt i din aktivitetsplan ved behov.

Du kan og ringje NAV kontaktsenter - mellom 08.00-15.30.

  • 55 55 33 33 - spørsmål om dei fleste ytingar
  • 55 55 33 36 - for arbeidsgjevarar
  • 55 55 33 34 - spørsmål om pensjon
Stengte og reduserte tilbod i Vaksdal kommune - frå 16. mars

Koronatiltak gjer at kommunen sine tenester blir redusert til eit minimum.

Vi ber om at du tek kontakt med oss på telefon eller på nett, og ikkje kjem til Heradshuset eller andre kommunale bygg utan avtale.

Treng du kontakt med:  

  • Helsestasjon
  • PPT
  • Barnevern
  • Fysioterapi
  • Ergoterapi
  • Rus og psykiatri
  • Veg, vatn og avlaup

Ring eller send oss ein e-post. Du finn kontaktinformasjon på nettsida til kommunen, eller du kan ringe 56 59 44 00.

Forvaltningskontoret

Det vil bli lengre sakshandsamingstid for søknadar om nye tenester som ikkje gjeld akutt nødvendig helsehjelp.

Brukarar og pårørande i heimetenesta

Ta kontakt dersom du har vore i utlandet dei siste 14 dagane eller har vore i kontakt med nokon som er påvist smitta av korona eller mistenkt smitta med korona.  Kvardagar frå 8-15: 488 80 319, helg og ettermiddag: 958 18 012.

Vi ber alle om å avgrense besøk i private heimar, inkludert omsorgsbustader.

Hjelper de  brukarar med naudsynte praktiske gjeremål? 
Desse bør utførast av den same personen kvar gong så langt som råd.

Vi oppmodar alle brukarane våre til å skaffe flytande handsåpe og tørkepapir, slik at vi kan utføre hygienisk handvask i heimane.

Har du spørsmål, ta kontakt med forvaltning@vaksdal.kommune.no eller ring 56 59 44 00.

Sjukeheimane

Vi viser til tidlegare melding der vi ber om de at unngår å komme på besøk til bebuarar.

Skule og barnehage

Er berre open for barn med spesielle behov og dei som har føresette som jobbar med kritiske samfunnsfunksjonar.

Sakshandsaming - alle område, og faktura, skatt og andre administrative område.

Det kan bli lenger behandlingstid og utsetjingar. Kommunen må prioritere det viktigaste framover og nytte vår kapasitet der behovet er størst.

Heimeverande barn og unge - kva aktivitetar kan dei ha i heimeperioda

Denne forma for karantene vert so langt rekna som mild. Det vil seie at ein må halde seg til generelle smitteverntiltak:

  • God hygiene
  • Unngå offentleg transport/samling av folk
  • Unngå å samle seg i grupper
  • Mest mogeleg kontakt via sosiale medier
  • Minst mogeleg aktivitet som gjev høve for eksponering av smitte

Vår kommuneoverlege Ole M.Thorseth seier at om to friske barn vil ta seg ein joggetur eller at eit barn leiker med nabobarnet, er dette innanfor.

Alt helsepersonell forbys å reise utanlands

Myndigheitene har beslutta at alt helsepersonell som jobber med pasientbehandling forbys å reise utanlands. Dette gjeld både jobb- og fritidsreiser. Forbodet gjeld frå i dag 12.3. klokka 18.00, og ut april 2020.

Til alle pårørande på institusjon, omsorg pluss og i bueininga - 

Me ber no om å unngå å komma på besøk til bebuarane. Dette er eit av fleire tiltak me innfører for å unngå koronasmitte inn mot institusjon og sårbare heimebuande i omsorg pluss og bueininga. Me ønskjer å stansa besøk utanfrå og ber om at de utset alle besøk som kan utsetjast. Dersom det oppstår noko som gjer at pårørande bør komma på besøk, vil næraste pårørande verta kontakta. Elles ber me om at de held kontakt med dykkar kjære gjennom telefon og digitale kanalar.

Me stengjer også for besøk frå frivillige og andre besøkjande som ikkje er pårørande. Arrangement på husa vert avlyste.

Tiltaket vil i første omgang gjelda fram til fredag 27. mars. Det vil komma nærmare informasjon undervegs, og kommunen si nettside vert oppdatert dagleg.

Ta kontakt med avdelingsleiar dersom du/de har spørsmål.  

Skulane stenger

Skulane fortsett med heimeskule til 13. april.
(beslutta 24.mars 2020)

Den kommunale kriseleinga har beslutta at me innfører heimeskule frå  1.trinn til og med 10. trinn, frå i morgon fredag 13.mars til og med fredag 27.mars.

Endringar kan kome, og me ber alle om å orientere seg på Vaksdal kommune sin nettstad. 

I dag har alle skulane fått beskjed om å sende med elevane lærebøkjer og utstyr.

Skulane kan ta i mot elevar frå 1.- 4. trinn i morgon fredag 13.marsom de som familie treng tid til å tilpasse dykk denne ekstraordinære situasjonen.

Bruk Transponder og gje skulen beskjed om din elev kjem til skulen fredag 13.mars. Me vil oppretthalde eit omsorgstilbod for å ivareta samfunnskritiske funksjonar.

Slik blir skuledagen for 1.- 10. trinn

Arbeidsplanane til elevane vil bli publiserte på Canvas. Kommunikasjon, rettleiing og vurdering vil føregå digitalt. Lærarane vil vere tilgjengeleg digitalt gjennom skuledagen.

Når det gjeld Utviklingssamtalar som er avtalte, sjekk ut høve for å ta desse via telefon/skype, eventuelt må desse skyvast noko i tid. Om du har spørsmål, ta kontakt med lærar.

Me oppfordrar alle elevar og føresette  til å følgje råda for smittevern i Vaksdal kommune. Trykk her for å lese råd for smittevern. . Til dømes ved at ein ikkje samlar mange barn/ungdom.

Skulane våre er forskjellige, og me ventar at opplegget kan varierer noko frå skule til skule. De vil difor i tillegg til dette brevet få informasjon frå kvar skule i løpet av neste veke.

Barnehagane stenger 

Barnehagane er stengt til 13. april.
(beslutta 24.mars 2020)

Me vil oppretthalde eit omsorgstilbod vidare for å ivareta samfunnskritiske funksjonar.

Ta kontakt med styrar i barnehagen viss du vil melde behov.

Kommunale lokale stenger og alle arrangement er avlyst

Alle kommunale utleigelokale er stengt. Dette gjeld:

  • Turbinen
  • Lokala på skulane og i barnehagane
  • Dalehallen og Dalekjellaren

Biblioteket er stengd, og alle arrangement er avlyst.


Sist oppdatert: 17.04.2020
Publisert: 12.03.2020