HeimKoronaOmsorgstilbod for barnehagebarn og elevar frå 1. - 4. klasse

Omsorgstilbod for barnehagebarn og elevar frå 1. - 4. klasse

Omsorgstilbod når skule og barnehage er stengt

Omsorgstilbodet gjeld så lenge barnehagane og skulane er stengt, fram til barnehage og skule opnar igjen i april.

Omsorgstilbod i heilagdagane

Vaksdal kommune kan gje tilbod om omsorgstilbod i småskule og barnehage òg i heilagdagane i påsken om det er behov.

Dette gjeld barn av tilsette i kritiske samfunnsfunksjonar som må jobbe og ikke har andre mogelegheiter for barnepass.

Ta kontakt med kommunalsjef Ann Kristin Bolstad på e-post ann.kristin.bolstad@vaksdal.kommune.no eller telefon 977 59 760

Skule og barnehage vurdera om andre barn har behov ut frå nasjonale føringar.

Påskeuka - 6. til 8.april

Skule - 1. - 4. klasse

Grunna den ekstraordinære situasjonen vil Vaksdal kommune undersøkje behovet for å ha ope ein av SFO-ane 6.- 8.april for elevar 1.- 4. trinn, for dei borna som har føresette som begge arbeider med kritiske samfunnsfunksjonar.
Har de behov, meld i frå til rektor ved skulen så snart som råd og innan torsdag 2.april kl. 11.30.

Barnehage:
Tilbodet i barnehage gjeld i barnehagane sine ordinære opningstider, i påskeuka til og med onsdag 8.april. Dette gjeld kun barn som kjem inn under omsorgstilbodet.

Kven gjeld dette tilbodet for?

Styrarar av barnehagar og rektorar ved barneskuler skal sørge for eit tilbod til barn av foreldre som jobbar i helse- og omsorgstenesta, transportsektoren eller innan andre kritiske samfunnsfunksjoner. Trykk her for å finne meir informasjon om ulike yrkesgrupper tilbodet gjeld hos Helsedirektoratet. 

Føremålet er å kunne oppretthalde verksemda i helse- og omsorgstenester og andre kritiske samfunnsfunksjonar og unngå at personar i risikogrupper vert brukt til barnevakt.

Tilbodet vert gjeve i barnet sin barnehage eller skule og gjeld frå og med måndag 16. mars.

Rett til plass i omsorgstilbod

Foreldre som kvalifiserer for eit omsorgstilbod på grunn av arbeidet sitt med samfunnskritiske funksjonar må ta kontakt med styrar/rektor i barnehagen/skulen for å melde behovet sitt. Retten gjeld foreldre der begge har eit arbeid som har ein samfunnskritisk funksjon eller der ein eineforsørgjar har eit slikt arbeid.

Om omsorgstilbodet

  • Barnehage: Omsorgstilbodet skal gå føre seg innanfor barnehagen si ordinære opningstid.
  • Skule: Omsorgstilbodet for småskuletrinnet skal gå føre seg innanfor skule og SFO si ordinære opningstid. Elevane får same opplæringstilbod som elevane heime.

Born med særlege omsorgsbehov

Det er i første omgang foresatte som må vurdera bruk av tilbodet opp mot barnet og eleven sitt omsorgsbehov.
Barnehagane og skulane har ansvar for å sørgje for eit tilbod til barn med særlege omsorgsbehov som ikkje kan takast i vare når barnehage, skule eller andre dagtilbod er stengt. Dette gjeld multifunksjonshemma barn og barn med andre spesielle utfordringar. Tilbodet omfattar òg elevar frå 5. – 10. trinn.

Korleis melde omsorgsbehov

Har de behov for omsorgstilbod? Ta kontakt med oss kring kva dagar de har behov, og om det er særskilte tidspunkt på dagen, innanfor ordinær opningstid, de har behov. Ta kontakt så snart de sjølv har oversikt over omsorgsbehovet.

Trykk her for å finne kontaktinformasjon til skulane.

Trykk her for å finne kontaktinformasjon til barnehagene.


Sist oppdatert: 15.04.2020
Publisert: 13.03.2020