HeimKoronaAktuelt korona - til 15. april

Aktuelt korona - til 15. april

Kva skjer no? Vi er godt i gong med planlegging

Ein underleg påske er over og kvardagen er tilbake. Vi er godt i gong med planlegging og vil oppdatere så snart vi har noko nytt.

Barnehage- og skulestart

Vi jobbar no med å førebu oppstart av barnehage og skule frå 20. og 27. april. Når vi får rettleiaren frå Folkehelseinstituttet 16. april vil vi informere meir konkret om korleis vi skal tilretteleggje barnehage- og skulekvardagen. Alle føresette vil få informasjon direkte i barnehage og skule sine eigne kanalar.

Heimekontor

Vi føl myndigheitene sine oppfordringar om å bli på heimekontor for dei som har mogelegheit til dette. Tilsette i Vaksdal kommune kan du nå på telefon, e-post eller på digitale møte.

Politiske møte

Alle politiske møte vil inntil vidare bli avholdt som nettmøte.
(14.04.2020)

Til deg som har barn i barnehage og på småskuletrinnet 

Alle føresette til barnehagebarn i Vaksdal kommune får informasjon om når og korleis oppstart blir etter 16. april, og føresette til barn på småskuletrinnet når det er klart veka før oppstart. 

Om du er forelder med jobb i samfunnskritisk funksjon, vil barnehagar og skular ha omsorgstilbod som før påskeDu kan melde frå om behov til kommunalsjef Ann Kristin Bolstad, e-post ann.kristin.bolstad@vaksdal.kommune.no, innan måndag 13. april kl. 1200.
(7.april 2020) 

Endringar i handtering av korona-pandemien 

Statsminister Erna Solberg, kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby og helse- og omsorgsminister Bent Høie informerte om regjeringsi vidare handtering av korona-pandemien på pressekonferanse i ettermiddag.  

Her er dei viktigaste endringane:

  • Barnehagane kan starte opp att frå 20.april. Dei kan bruke tida fram til 27.april om dei har behov for det.
  • Småskuletrinnet, 1.- 4. klasse, og SFO startar opp att frå 27. april. 
  • Behandlarar som psykologar, fysioterapeutar og liknande kan opne frå 20. april. 
  • Frisørar, hudpleie, massasje og liknande kan opne frå (seinast) 27. april. 
  • Hytteforbodet opphevast frå 20. april. 
  • Ingen større kultur- og idrettsarrangement fram til 15. juni kan gjennomførast.
  • Nokre elevar på vidaregående skule, fagskuler, universitet og høgskule kan starte opp att.

Folkehelseinstituttet skal levere standarder for smittevern som verksemdene skal iverksetje før verksemdene opnar opp.

Det blir unntak for barn i risikogruppane og for barn som lever saman med nokon i risikogruppene, Desse barna vil fortsatt få heimeundervisning. 

Regjeringa planlegg òg at alle skuleelevar skal få komme tilbake til skulen ein gong før sommaren. Korleis dette skal skje vil dei komme tilbake til. 

  • Alle andre tiltak og råd gjeld framleis, både knytt til grupper, forsamlingar og uteliv. 
  • Dei som kan jobbe på heimekontor fortset med det. 
  • Vi held fortsatt avstand. 
  • Alle hygiene- og smitteverntiltaka gjeld fortsatt. 
  • Har du symptom skal du være heime. 
  • Reglane om karantene og isolasjon må respekterast like strengt som før.

(7. april 2020) 

Innandørs og utandørs servering

Vi er inne i ei vanskeleg tid for alle, og de fleste serveringsstader har stengt. Nokre er open for ta-med heim mat og catering, og så lenge hygienereglane og reglane for avstand blir overhaldt er dette greitt.  Nokre få har og ope for servering. Kommuneoverlegen vil rå ifrå dette, men om de har ope for servering vil vi minne om gjeldande regler. Reglane gjeld både for innandørs og utandørs servering: 

  • Det skal vere 2 meter avstand mellom gjestane
  • Maks 5 personar ved kvart bord
  • Hygienereglane skal overhaldast

(7.april 2020) 

Hugs å ta med deg handlevettreglane på påskehandelen🐥.

1. Planlegg handleturen – ver ute i god tid så ikkje alle
handlar samtidig
2. Tilpass turen – husk at du kan bruke heile opningstida
3. Ta med det nødvendige – det er varer nok til alle
4. Legg gjerne ut på handletur aleine
5. Vis omsyn til både kundar og medarbeidarar – hold minst
éin meter avstand
6. Unngå å ta på varer du ikkje skal kjøpe
7. Ta trygge val – prøv å få nokon til å handle for deg om du
er i karantene
8. Bruk papirlommetørkle eller olboge om du må nyse eller
hoste – pass på god handhygiene
9. Ta omsyn til berøringspunkt – betal helst med kort
10.Følg råd frå myndigheitene og ta godt vare på kvarandre

God Påske🐣🐥🐣
(6. april 2020)

Kjære hytteeigarar og ferierande ! 

Me står akkurat no i ein stor verdsomspennande dugnad, basert på å halde avstand, opphalde oss heime og være grundige med hygienetiltak. Og denne dugnaden vil gje resultat!

Frå før er det kjent at ein ikkje kan overnatte og bu i fritidsbustader utanfor eigen bustadkommune. Her har nasjonale styresmakter innført forbod.

Vaksdal kommune viser og til helsestyresmaktene si oppmoding om å unngå fritidsreiser som ikkje er strengt nødvendige.

Vaksdal kommune arbeider systematisk og iherdig med å ivareta liv og helse for alle innbyggjarane våre. For å lukkast med dette, treng me di hjelp.

Difor sender eg deg desse påskevettreglane:

  • Ikkje overnatt på hytte utanfor eigen kommune
  • Ikkje reis på fritidsreiser som omfattar overnatting utanfor heimen din.
    Dette gjeld til dømes bubil og båt.
  • Hald kontakt med familie og vener over telefon og internett
  • Hus og hage set stor pris på ekstra omtanke og pleie i denne tida
  • Unn deg noko ekstra godt i påska, men vern om dine favoritter
  • Hugs avstand, vask- og hygienetiltak

Dette blir ei annleis og spesiell påskehøgtid for oss alle. Eg ser fram til at du vil legga fritidsreisa di til Vaksdal kommune når det er opna att for det.

Av heile mitt hjarte ynskjer eg deg ein riktig god påske.

Beste helsing

Hege Eide Vik,
ordførar i Vaksdal kommune
(6.april 2020)

Idrettsplassane i kommunen kan no nyttast under oppsyn av vaksne

Hugs at alle må overhalde smittevernreglane:

  1.   Maks fem personar i lag
  2.   Hald minst to meters avstand
  3.   Ikkje ta på same utstyr
  4.   Vask hendene godt med såpe og vann
  5.   Må du hoste eller nyse, bruk papir eller albogen

Om ikkje reglane blir overheldt må vi stenge anlegget.

Trykk her for å lese veiledning og anbefalinger hos Helsedirektoratet.
(4.april 2020)

Omsorgstilbod i påskeveka 

Omsorgstilbod i heilagdagane i påsken

Vaksdal kommune kan gje tilbod om omsorgstilbod i småskule og barnehage òg i heilagdagane i påsken om det er behov.

Dette gjeld barn av tilsette i kritiske samfunnsfunksjonar som må jobbe og ikke har andre mogelegheiter for barnepass.

Ta kontakt med kommunalsjef Ann Kristin Bolstad på e-post ann.kristin.bolstad@vaksdal.kommune.no eller tlf 977 59 760

Skule og barnehage vil vurdera om andre barn har behov ut frå nasjonale føringar.

Skule - 1. - 4. klasse

Grunna den ekstraordinære situasjonen vil Vaksdal kommune undersøkje behovet for å ha ope ein av SFO-ane 6.- 8.april for elevar 1.- 4. trinn, for dei borna som har føresette som begge arbeider med kritiske samfunnsfunksjonar.
Har de behov, meld i frå til rektor ved skulen så snart som råd og innan torsdag 2.april kl. 11.30.
(1. april 2020)

Barnehage

Tilbodet i barnehage gjeld i barnehagane sine ordinære opningstider, i påskeuka til og med onsdag 8.april. Dette gjeld kun barn som kjem inn under omsorgstilbodet.

Ønskjer du kontakt med rus/psykiatri-tenesten?

Ring legekontoret 56 59 44 10 
(27.mars 2020)

Reduserte tenester frå kommunen

Koronatiltak gjer at det er, og kan bli fleire reduksjonar i kommunen sine tenester. Sentrale føringar ligg til grunn, og kommunen sin kriseleiing gjer vurderingar og iverksett tiltak etter behov.
(27.mars 2020)

Takk for at du viser solidaritet med sårbare grupper

Alle idrettsanlegg er stengt.

Vi minnar om at alle idrettsanlegg i kommunen, ute og inne, er stengt i tråd med myndigheitene sine krav og anbefalingar. Det er særs viktig å overhalde bestemmingane som gjeld.
- Utandørs - vær ikkje meir enn 5 personar saman og hald minst 1 meter avstand.
- Innandørs - hald minst 2 meter avstand
Dette gjeld ikkje om du er i lag med familie eller folk i husstanden din.

Hugs at dei same reglane gjeld uansett kor du er.
(25.3.2020)

Barnevernet sin vakttelefon i Vaksdal - 966 26 431 - er alltid open

Er du bekymra for eit barn i ein vanskeleg og akutt situasjon, ta kontakt med oss.

Karantene, isolasjon og manglande dagtilbod kan gjere born som opplever skadelege heimesituasjonar endå meir sårbare enn vanleg. 

Du som er barn eller ungdom kan ringje til oss når som helst, eller du kan ringje alarmtelefonen for barn og unge,  116 111.

E-post: barnevernet@vaksdal.kommune.no
(24.03.2020)

Kontakttelefon for barn og unge – 56 59 31 11

Til deg som er under 20 år. Er du bekymra og treng nokon å snakke med?

Ring 56 59 31 11 mellom klokka 9 og 15.

Her får du snakke med Cathrine eller Wenche om det du  bekymrer deg for. Om du vil vere anonym er det også heilt greitt.
(23.3.2020)

Hytter/ fritidsbustader - forbod mot overnatting

Regjeringa har innført eit forbod mot å overnatte på fritidseigedom utafor eigen kommune.

Det er gjort unntak for personar som bur saman med bekrefta smitta av koronaviruset. Bakgrunnen er at det er stor risiko for at ein koronasmitta kan smitte andre i same husstand. Det vil ofte vera praktisk vanskeleg for den smitta å vera isolert når ein delar bustad med fleire. Personar som er i karantene fordi dei delar husstand med ein som er bekrefta smitta, kan overnatte på hytta i den perioden den smitta er i isolasjon heime. Den smitta skal bli heime, mens dei andre personane i husstanden kan overnatte på hytta

Kommunane har ikkje adgang til å gje dispensasjon/løyve frå forskrifta. Regjeringa ber om at hytteeigarar ikkje tar kontakt med kommunen for å krevje unntak.

Strengt nødvendig vedlikehald eller tilsyn for å avverje store materielle skader er tillat. Regjeringa oppfordrar folk til å engasjere lokalt busette personar til å utføre slikt arbeid og tilsyn.  

Det er generelt mykje snø i høgfjellet.
(19.3.2020)

 

Har du lyst til å hjelpe eller treng du hjelp? Ring 56 59 31 15

Vaksdal kommune vil organisera eit tilbod til dei som treng å handle mat- og apotekvarer og og treng frivillige til dette.

Tilbodet er til deg som er i isolasjon/karantene, eller av andre grunnar som følgje av koronautbrotet, ikkje kjem deg til butikken.

Har du lyst å hjelpe eller treng du hjelp, ta kontakt på telefon eller e-post:

Telefon: 56 59 31 15 alle vekedagar mellom kl 10.00-18.00.

Torunn Samuelsen, e-post: torunn.samuelsen@vaksdal.kommune.no
Trond Olav Magnussen, e-post: trond.olav.magnussen@vaksdal.kommune.no

Det er flott om du deler dette med naboer, vener og kjente. Tusen takk for hjelpa!
(20.3.2020)

Har du helsefagleg bakgrunn

Eller er du student innan helsefag. Vi treng deg.
Kan du hjelpe, ring Randi Pedersen på 907 71 461.
(19.3.2020)

Informasjon frå BIR

BIR sin avfallsinnsamling er i normal drift. Gjenvinningsstasjonane har vanleg opningstid. Dei har gjort tiltak og innført restriksjoner for å oppretthalde driften og redusere smittefaren for kunder og våre medarbeidarar. 
(18.3.2020)

Melding frå legekontoret

Eldre eller personar med kronisk sjukdom som har behov for legetilsyn kan ta kontakt med legekontoret i heradshuset og blir vurdert for time eller heimebesøk. 
(17.3.2020)

Vaksdal sine kommunegrenser vil vere opne

Våre kommunegrenser vil fortsatt vere opne. Som ein pendlarkommune der arbeidskraft kjem inn og reiser ut er dette viktig. Mange av pendlarane har arbeid i kritiske samfunnsfunksjonar, både her og andre stader. Det er svært viktig at desse kjem uproblematisk til og frå jobb.

Myndigheitene ber oss alle om å halde avstand, og vi vil be pendlare som kjem frå områder med større smittefare om å vere særleg merksam. 
(17.3.2020)

Behov for omsorgstilbod i barnehage og skule?

Vi ber om at du så langt råd er melder dette til skule eller barnehage innan klokka 15.00 dagen før.
(17.3.2020)

Kva skjer når ein person er smitta?

Ein person som får påvist eller er testa for Covid19, blir sett i heimeisolering.

Dette gjeld for personar i isolering: 

  • Skal ikke gå ut.
  • Hald helst 2 meters avstand til dei du bor saman med når det er mogeleg.
  • Om mogeleg, eige rom og bad. Bruk eigne baderomsartikler, som for eksempel handkle.
  • Heimen bør gjerast rein ofte.
  • Ring helsevesenet ved behov for legehjelp.
  • Dei du bur saman med skal vere i karantene.
  • Isoleringa varer til legen seier at du er smittefri, normalt 7 dager etter du er heilt frisk.

Her kan du lese dei oppdaterte råda om sosial isolering frå Folkehelseinstituttet:

https://www.fhi.no/nyheter/2020/fhi-presiserer-rad-om-sosial-distansering/
(
17.3.2020)

Ingen betaling for SFO og barnehage når desse tilboda er stengt

Vaksdal kommune vil ikkje ta betaling for opphald i barnehage og SFO når desse tilboda er stengt.

Du får kreditnota for faktura for mars, så denne skal du ikkje betala. Om du allereie har betalt vert dagane det har vore stengt trekt ifrå på faktura i april.
Du får ny faktura for mars tilpassa dei dagane SFO og barnehagane var opne.
Kommunen vil heller ikkje ta betalt for omsorgstilbodet i perioden.
(16.3.2020)


Sist oppdatert: 16.04.2020
Publisert: 16.03.2020