HeimHelse, sosial og omsorgOmsorgslønn for pårørande

Omsorgslønn for pårørande

Du kan søkje omsorgslønn dersom du har særleg tyngande omsorgsoppgåver i heimen over tid. 

Målet er at familien kan halde fram å ha omsorg for sine næraste. Vedtak om omsorgslønn blir sett opp mot andre ytingar og tenester.  

Krav til søkjar

  • Han eller ho som mottar omsorg må bu heime.
  • Arbeidet må vere særleg tyngande og gjelde nødvendige oppgåver.
  • Ilag med oss, må du vurdere om omsorgslønn er det beste alternativet saman med eventuelt andre hjelpetiltak.
  • Dersom du ikkje har søkt om hjelpestønad frå NAV, må du søkje om dette.

Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned søknadsskjema for pleie- og omsorgstenester.

I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på Heradshuset på Dale eller send dei til: 

Vaksdal kommune
Konsul Jebsensgate 16
5722 Dalekvam

Kva skjer vidare?

  • Vi vurderer søknaden din, og finn det tilbodet som passar best for deg.
  • Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.
  • Vi prøver å svare deg innan 14 dagar. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.

Slik grunngir du søknaden:

  • Kor mange timar per månad brukar du på omsorgsarbeidet?
  • Er arbeidet meir fysisk eller psykisk tyngande?
  • Førar omsorgsarbeidet til mykje arbeid om natta?
  • Yter du omsorgsarbeid i periodar eller heile tida?
  • Fører omsorgsarbeidet til sosial isolasjon og mangel på ferie og fritid?
  • Har du omsorg for meir enn ein person?

Kontakt oss

E-post: forvaltning@vaksdal.kommune.no

Koordinator Ann Marit M. Lie

Sakshandsamar Anne Hedvig Faugstad

Besøksadresse:
Daletunet, Bråtet 1,
5722 Dalekvam

Korleis klagar eg?

Trykk her for meir informasjon om din rett til å klage.


Sist oppdatert: 02.11.2018
Publisert: 18.09.2018