Heimesjukepleie

Heimesjukepleie gir hjelp og rettleiing, til eldre, sjuke og personar med funksjonstap som bur heime.

Vakttelefon - til deg som har tenester frå oss

Leiar for heimesjukepleie

Katrin Faugstad

Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned søknadsskjema for pleie- og omsorgstenester.

I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på Heradshuset på Dale eller send dei til: 

Vaksdal kommune
Konsul Jebsensgate 16
5722 Dalekvam

Kva skjer vidare?

  • Vi vurderer søknaden din, og finn det tilbodet som passar best for deg.
  • Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.
  • Vi prøver å svare deg innan 14 dagar. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.

Kva kostar det?

Heimesjukepleie er gratis.

Kva får du?

Du kan mellom anna få hjelp til :

  • Medisinhandtering
  • Dagleg stell
  • Råd og rettleiing om kosthald og helse
  • Råd og retteleiing slik at du sjølv kan meistre oppgåver som til dømes å lage til medisin, skifte stomi med meir.
  • Å stå opp, legge deg og toalettbesøk

Krav til søkjar

Du treng hjelp på grunn av sjukdom eller funksjonstap.

Kontakt

Har du spørsmål om tenesta, ta kontakt med forvaltninga.

E-post: forvaltning@vaksdal.kommune.no

Koordinator Ann Marit M. Lie

Sakshandsamar Anne Hedvig Faugstad

Besøksadresse:
Daletunet, Bråtet 1,
5722 Dalekvam

Les meir


Sist oppdatert: 17.01.2019
Publisert: 01.06.2018