Startlån

Har du problem med å komme inn på bustadmarknaden eller med å bli buande i bustaden din? Då kan startlån vere ei aktuell låneordning for deg.

Det er Husbanken som finansierer denne ordninga, men kommunen som tar imot søknadar og gjer vedtak.

Slik søkjer du

Gå til Husbanken si heimeside for å kome til søknaden. 

Trykk her for å komme til søknaden. Her kan du søkje elektronisk. 

Kan du ikkje søkje elektronisk, skriv ut søknaden og send den til 

Vaksdal kommune
Konsul Jebsensgate 16
5722 Dalekvam

Kva får du? 

Du kan få startlån til
  • Hjelp til å bli buande i bustaden du har no.
  • Refinansiering av eit dyrt lån.
  • Utbetring av bustad.
  • Tilpassing av bustad.
  • Bygging av bustad.
  • Topp- og fullfinansiering.

Kor mykje kan eg låne?

Dette vurderer vi i kvart enkelt tilfelle.

Ein viktig føresetnad er at du som får startlån kan betene lånet over tid, og framleis ha nødvendige midlar att til å leve for.

Trykk her for å gå til Husbanken sine verktøy for å berekne startlån.

Krav til søkjar

Vi kan gi startlån til deg som ikkje får lån i vanleg bank, eller ikkje får nok lån til å finansiere eit kjøp av bustad.

Når vi handsamar søknaden din, vurderer vi to forhold:

  1. Om utfordringa med å finansiere eigd bustad vil vere langvarig.
  2. Om du har gjort det du kan for å spare.

I nokre tilfelle kan vi sjå vekk frå vurderinga over. Det kan vere i slike tilfelle:

  • Når du har barn, eller særlege sosiale eller helsemessige utfordringar.
  • Når du har problem med å dekke buugifter, og refinansiering med startlån bidrar til at de kan bli buande.
  • Når busituasjonen gjer at du risikerer å miste ein jobb.

Kontakt

Har du spørsmål, ta kontakt med

Magne Hestad

 


Sist oppdatert: 06.02.2019
Publisert: 02.10.2018