Bustøtte

Kven kan søkje?

Bustøtte er for personar og hushald med låg inntekt og høge buutgifter. Du må vere fylt 18 år for å få bustøtte.

Bustaden din må vere ein heilårsbustad med eigen inngang, bad og toalett, og med moglegheit for kvile og matlaging. Alle i bustaden må vere registrert på bustadadressa i folkeregisteret.

Korleis kan du søkje?

Det er enkelt og raskt å søkje elektronisk.

Du finn meir informasjon om kven som kan søkje og korleis du søkjer på husbanken.no. Der kan du óg sjekka om du har rett til bustøtte via vår kalkulator.

Har du fleire spørsmål, ta kontakt med kommunen eller bydelen din.

Fristen for å søkje er den 25. i kvar månad.

Kontaktperson i kommunen

Magne Hestad

Telefon: 453 76 147

E-post: Magne.Hestad@vaksdal.kommune.no


Sist oppdatert: 06.02.2019
Publisert: 13.11.2018