Tilskot til etablering i kommunen

Er du mellom 18 og 35 år og vil etablere deg i Vaksdal kommune, kan du søkje om etableringstilskot.

Slik søkjer du

Klikk her for å opne søknadsskjema for tilskot for førstegangsetablerarar i kommunen.

Send inn skjema, saman med vedlegg, til 

Vaksdal kommune
Konsul Jebsensgate 16
5722 Dalekvam

Tilskot til etablering utanom Eksingedalen, Eidslandet og Bergsdalen

Er du førstegangsetablerar kan du få etableringstilskot på 50.000,- kroner. Dette gjeld ved privat nybygging, eller kjøp av nybygd husvære på minst 50 kvm. 

Etablering i Eksingedalen, Eidslandsområdet og Bergsdalen

Nybygg

Vil du etablere deg i desse områda kan du få etableringstilskot på 300.000,- kroner. Dette gjeld ved privat nybygging, eller kjøp av nybygd husvære. Søkjar må vere heimelshavar til heile eigedomen.

Dersom eigedomen har fleire heimelshavarar kan det gjevast eit tilskot dersom begge/alle heimelshavarane oppfyller vilkåra.

Dersom det vert bygd utleigebustad i tilknyting til nybygget, vert tilskotet auka til 350.000,- kroner.

Eksisterande bustad

Vil du kjøpe eksisterande husvære kan du få tilskot på 10% av kjøpesummen. Maksimalt tilskot er 100 000,- kroner.

Søknadsfrist for tilskotsordninga er 01.11. kvart år.

Stimuleringstilskot til alle unge frå Vaksdal kommune

Alle unge i Vaksdal kommune får eit verdibrev på 12.500,- kroner frå kommunen når dei går ut 10. klasse. Verdibrevet er personleg og må nyttast til førstegangsetablering i kommunen innan fylte 35 år.

Generelle reglar og vilkår for tilskota

Utbetaling av tilskotet: 
Tilskotet til bustadbygging vert utbetalt når ferdigattest ligg føre

  • Tilskot til kjøp vert utbetalt når tinglyst kjøpekontrakt ligg føre, heimel er overført og heimelshavar(ane) er registrert i folkeregisteret som busett på eigedomen.

Avgjerd:

  • Rådmann tek avgjerd i saker om tilskot.

Bindingstid:

  • For tilskotsordninga til bustadbygging: Bustaden må nyttast til bustad i 5 år fra ferdigattest. Om bustaden vert nytta til andre føremål, skal tilskotet betalast attende forholdsmessig for tida som er att.

Avgrensingar:

  • Tilskot til bustadbygging er eit eingongstilskot.
  • Det vert berre gjeve tilskot til bygging av heilårshusvære.

Klageadgang

  • Formannskapet kan ta avgjerd i klagesaker etter forvaltningslova sine regler.

 


Sist oppdatert: 07.01.2019
Publisert: 02.10.2018