Barnevern

Bekymringsmelding til barnevernet

Bekymringsmelding for offentleg tilsette

Er du uroa for eit barn eller ein ungdom? Slik kan du som er offentleg tilsett ta kontakt med eller sende ei bekymringsmelding til barnevernet.

Alle offentleg tilsette og fleire yrkesutøvarar med profesjonsbestemt teieplikt, uavhengig av om du jobbar i det offentlege eller ikkje, har plikt til å melde og gi opplysningar til barnevernet når det er grunn til å tru at

  • eit barn vert mishandla i heimen
  • det ligg føre andre former for omsorgssvikt
  • når eit barn har vist vedvarande alvorlege åtferdsvanskar.

Meldeplikta er personleg, altså ikkje lagt til verksemda eller verksemda sin leiar.
Opplysningsplikta går føre teieplikta. Dersom arbeidet ditt er regulert etter ei særlov, til dømes opplæringslova, helsepersonellova eller barnehagelova, vil du finne kapittel der som handlar om opplysnings-/meldeplikta.

Du kan ringe barnevernet og drøfte ei sak utan å nemne namn før du melder.

Melde ilag med dei det gjeld

Ofte er foreldra einige med deg som melder om at barnet eller dei sjølv strevar og treng hjelp. I slike tilfelle er det mogleg å søkje barnevernet om hjelp ilag med eller på vegne av foreldra.

Det kan vere nyttig å prøve å få til eit samarbeid med foreldra før du melder saka til barnevernet. Uansett er vårt generelle råd at du orienterer foreldra om meldinga og kva som gjer at du har meldt ifrå.

Oppfølging av meldinga

Du får ei skriftleg tilbakemelding på at vi har mottatt meldinga di og om meldinga vil føre til ei vidare undersøking innan 3 veker.
Når vi har undersøkt og konkludert i saka, skal du ha skriftleg melding om at saka er avslutta og om vi eventuelt set inn tiltak.

Dersom foreldra samtykker, eller vi meiner det er avgjerande, kan du få fleire opplysningar.

Dersom du har sendt ei melding, men framleis er bekymra etter ei stund, er det viktig at du tar kontakt med barnevernet på nytt. Om du melder på ny, ikkje ta for gitt at vi kjenner til alt sjølv om vi er eller var inne i saka.

 Bekymringsmelding for privatpersonar

Er du uroa for eit barn eller ein ungdom? Slik kan du som privatperson ta kontakt med eller sende ei bekymringsmelding til barnevernet.

Når bør du melde?

Meld ifrå til barnevernet om du er bekymra for om eit barn får god nok omsorg, eller er bekymra for måten ein ungdom oppfører seg på. Meldinga di kan vere viktig for barnet eller ungdommen det gjeld.

Du treng ikkje vere heilt sikker på om noko er gale før du melder. Det er vår oppgåve i barnevernet å vurdere korleis vi skal følgje opp meldinga di.

Du kan ringe barnevernet anonymt om du vil drøfte saka før du melder.

Kan du vere anonym?

Du kan velje om du vil vere anonym eller ikkje.
Du kan vere anonym for både barnevernstenesta og familien det gjeld, eller du kan seie namnet til barnevernet, men be om at namnet ikkje vert gjort kjent for foreldra. Fordelen med den siste varianten er at barnevernet kan kontakte deg om vi har spørsmål eller treng meir informasjon.

Korleis melder du?

Du bør sende meldinga skriftleg. Då er det lettare å unngå misforståingar.

Meldinga bør innehalde:

  • kven meldinga gjeld og kva som gjer at du er bekymra, gjerne med døme
  • informasjon om meldinga byggjer på noko du observerte ein gong eller over lengre tid
  • om det er andre som kan ha opplysningar til saka
  • kontaktinformasjon til deg dersom du ikkje vel å vere anonym

Dersom du vil melde munnleg kan du ta kontakt med oss på telefon, så ordnar vi ein avtale. Då skriv vi ned meldinga ilag med deg i møtet.

Oppfølging av meldinga

Dersom du sender oss ei melding med namn og adresse skal du ha ei stadfesting på at meldinga er mottatt.

Dersom du har sendt ei melding, men framleis er bekymra etter ei stund, er det viktig at du tar kontakt med barnevernet på nytt.

Kontaktinformasjon

E-post: barnevernet@vaksdal.kommune.no

 

Konstituert barnevernsleiar Ole-Anders Brekkhus 

 

Margrethe Kydland

 

Innbyggjarservice 


Sist oppdatert: 30.10.2018
Publisert: 31.05.2018