Klage på helse- og omsorgstenester
Kva kan du klage på?
- Forholda ved tenesta du ikkje er nøgd med
- Kritikkverdige forhold
- At du ikkje har fått den tenesta du har søkt på
- Saksbehandlinga
Klage på tenesta
Dersom du er misfornøgd med ei helseteneste du får, for eksempel på sjukeheim, bør du fyrst vende deg munnleg eller skriftleg til leiinga på sjukeheimen. Vêr tydeleg på kva du er misfornøgd med og kva du ønskjer endra.
Når dei som utfører tenesta får klaga din, må dei undersøkje saka og endre tilbodet dersom det ikkje er godt nok.
Fører ikkje klaga fram, må du sjølv sende ei skriftleg klage til Statsforvaltaren som gjer ei vurdering av saka.
Klage på vedtaket
Dersom du har fått avslag på ei helseteneste du meiner å ha rett på, kan du klage. Dette blir kalla ei rettsklage. Ei rettsklage blir send til forvaltingskontoret i kommunen. Dei tilsette går gjennom vedtaket på nytt og ser om det bør endrast. Blir ikkje vedtaket endra, sender dei automatisk klaga vidare til Statsforvaltaren i Vestland som avgjer saka.
Slik klagar du på eit vedtak
- Klagen må vera skriftleg.
- Du må levera klagen innan fire veker etter at vedtaket er motteken.
Klagen sender du til:
Vaksdal kommune
Konsul Jebsensgate 16
5722 Dalekvam
Du skal få svar innan tre veker. Vert ikkje klagen tatt til følgje, vert klagen automatisk sendt til Statsforvaltaren.
Hjelp til å klage
-
Treng du hjelp til å skrive klagen, ta kontakt med forvaltningen eller pasient – og brukarombodet.
Trykk her for å lese meir om klage hos Statsforvaltaren.
Kontakt
Har du spørsmål, kontakt forvaltningskontoret.
E-post: forvaltning@vaksdal.kommune.no
Koordinator Ann Marit M. Lie
- Mobil: 488 80 319
Sakshandsamar Line Cecilie Tveit
- Mobil: 488 80 310
Sakshandsamar Thea Tufte
- Mobil: 453 77 963
Besøksadresse:
Daletunet, Bråtet 1,
5722 Dalekvam