HjemHelse, sosial, omsorg, bustadNedsett funksjonsevneParkeringsløyve for funksjonshemma

Parkeringsløyve for funksjonshemma

Du kan søkje kommunen om parkeringsløyve for funksjonshemma. Løyvet gir deg rett til å parkere på offentleg skilta og reservert parkeringsplass utan at du betalar avgift, og utan at du må følgje den lengste fastsette parkeringstida (dersom det ikkje er gitt melding om noko anna). Du får til vanleg løyve for to til fem år.

Parkeringsløyvet blir gjeve til bilførar eller passasjer som har særleg behov for å finne parkeringsplass knytt til bustad, arbeid og annan aktivitet.

Slik søkjer eller fornyar du parkeringsløyve

Du søkjer elektronisk. Innlogging med ID-porten (BankID eller liknande).

Klikk her for å gå til søknadsskjema

I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngi kvifor du søkjer.

Legg ved eit passfoto. Skriv namnet ditt på baksida. Søkjer du elektronisk må legeerklæring og bilete ettersendast.

Du kan òg skrive ut og sende søknaden, saman med legeerklæring og bilete til:

Vaksdal kommune

Konsul Jebsensgate 16
5722 Dalekvam

Søknaden kan òg leverast i Innbyggjarservice på Heradshuset. 

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist for parkeringsløyve. Vi behandlar alle søknadar etter kvart som dei kjem inn til oss.

Kva får du?

Med parkeringsløyve kan du parkere på følgjande plassar:

  • Reservert for røyrslehemma merka med offentleg trafikkskilt.
  • Kommunale parkeringsplassar utan å betale avgift.
  • Inntil dobbel tid på tidsavgrensa parkering frå 30 minutt og oppover. Unntak når det er skilta med tidsavgrensa parkering for rørslehemma med parkeringsløyve.
  • Stader der det er innført bustadsoneparkering.
Krav til søkjar

Du må ha legeerklæring som seier at du har vanskar med å bevege deg over lengre avstand.

Du må dokumentere behov for å parkere ved bustad, arbeid eller ved regelmessige aktivtetar, for eksempel legebesøk.  

Kva skjer vidare?
Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Du får alltid ei grunngjeving dersom du får avslag.

Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få vite kor lang lang tid det tar før du får svar.

Korleis klagar eg?

Trykk her for meir informasjon om din rett til å klage.


Sist oppdatert: 29.06.2023
Publisert: 28.06.2018