HeimHelse, sosial, omsorg, bustadKoronaAktuelt koronaHar de planar om arrangement før jul?

Har de planar om arrangement før jul?

Forskrifta som kommuneoverlegen har vedteke, og som gjeld frå i dag, gjev ingen begrensingar på arrangement. Me oppmodar dykk til å arrangere det de har planlagt.

Forskrifta gir påbod om munnbind på kollektivtransport, butikkar og kjøpesenter. I tillegg vert det registrering av gjester på serveringsstadar.

Me er inne i ein ny fase der me skal bremse verknadane av pandemien, og forskrifta er iverksett for å begrense smitte, slik at me kan fortsette å halde samfunnet ope.

Det er sjølvsagt viktig at me alle gjer det me kan for å begrense smitte og:

  • Blir heime om me er sjuke.  Ta gjerne ein koronatest.
  • Ha god hand- og hostehygiene

Med ynskje om ei fin førjulstid.

Helsing Hege Eide Vik
Ordførar


Sist oppdatert: 22.11.2021
Publisert: 22.11.2021