Når alvorleg sjukdom rammar
Då treng du gjerne nokon som:
- har tid til å lytta
- kan vera bindeledd mellom deg/ dine pårørande og hjelpeapparatet/helseomsorga
- kan svara på faglege spørsmål og gje rettleiing
- kan gje praktisk hjelp
- har teieplikt
Vi har tilsette som har spesialkompetanse innan desse områda. Ta kontakt om du treng ein å snakke med eller søkje råd hos:
Kontakt for heimebasert omsorg
Ressurssjukepleiar Solbjørg Veka Zuliani
- Solbjørg er utdanna kreftsjukepleiar. Ho arbeider tverrfagleg i lag med blant anna fastlege, fysioterapeut, ergoterapeut og prest. Ho har ôg samarbeid med Haukeland sjukehus, Voss sjukehus, kreftforeninga og kompetansesenteret i lindrande behandling.
- Telefon 945 31 035
Kontakt for institusjon
Ressurssjukepleiar Gunn Inger Gjerme
- Gunn arbeider på korttidsavdelinga på Dale.
- Ho kan nåast ved å kontakta avdelingssjukepleiar Monika Dahle Skjerveggen - telefon 488 80 364 .
Sist oppdatert:
13.05.2022
Publisert:
19.11.2020