HjemHelse, sosial, omsorg, bustadHelsehjelpHelsestasjon for barn og unge

Helsestasjon for barn og unge

Helsestasjon 0 - 5 år/ jordmor

Du kan no bruke helsenorge.no til å kommunisere med oss på helsestasjonen.

Dette er ein enkel og sikker måte å kommunisere på.

  • Via helsenorge.no kan du be om timeavtalar, avbestille avtalar og sende meldingar på ein trygg og enkel måte. Her finn du også mykje nyttig informasjon om helse og innhaldet i tenestene.

  • Du loggar deg på helsenorge.no ved bruk av elektronisk id som til dømes bank-id. Vi anbefalar deg å bruke appen til helsenorge.

  • Dersom du ikkje ynskjer å benytte helsenorge.no, kan du ta kontakt med helsesjukepleiarane på e-post eller telefon
    måndag - fredag 08.00 - 15.30. Sjå kontaktinformasjon under.

Kontaktinformasjon og opningstid for helsestasjon

Vi er ope måndag - fredag kl. 08.00 -15.30.

Vi er ein god del på farta og gjer merksam på at vi i periodar kan vere vanskelege å nå på telefon. Send oss då gjerne ei melding på e-post eller SMS, og vi vil kontakte deg så snart vi kan.

Adresse:

Du finn oss i 1. etasje på Heradshuset på Dale.
Konsul Jebsensgate 16
5722 Dalekvam

Helsesjukepleiar Brith Kydland

Tlf: 488 80 383

E-post: Brith.Kydland@Vaksdal.kommune.no 

Helsesjukepleiar Katrine Hesjedal-Johannessen

Tlf: 408 01 786

E-post: Katrine.Hesjedal-Johannessen@vaksdal.kommune.no

Helsesjukepleiar Elisabeth Lillevik

Tlf: 453 74 081

E-post: Anne.Elisabeth.Lillevik@vaksdal.kommune.no

Helsestasjonsprogrammet

Helsestasjonen driv helsefremjande og førebyggjande arbeid og har som mål å ivareta spedbarns og småbarns fysiske, psykiske og sosiale helse.

Gjennom faste kontrollar frå bornet er nyfødd til det starter på skulen, vert bornet og familien deira fulgt opp med undersøkingar, helseopplysning og vaksinasjon.

Ved helsestasjonen kan de få rettleiing og støtte i spørsmål knytta til bornet si vekst, utvikling og trivnad. Her møter du helsesjukepleiarar, jordmor, lege og fysioterapeut. Me samarbeider med andre tenester som psykolog, ergoterapeut, barnehage, barnevern, fastlegar, psykisk helse, PPT, BUP og andre.

Barnet blir undersøkt av helsesjukepleiar ved kvar konsultasjon. Ved 6 veker, 6 mnd., 12 mnd. og 2 år deltek også lege. Fysioterapeut deltek ved enkelte konsultasjoner. Kontakt med psykolog vert formidla ved behov.

Alt personale ved helsestasjonen har teieplikt.

 

Alder

Helsesøster

Lege

Vaksiner

Nyfødd

(7-10 dagar)

Tilbod om heimebesøk. Vekt og hovudmål

 

 

 

2-4 veker

Tilbod om vektkontroll og rettleiing. Hovudmål

 

 

 

6 veker

Vekt og hovudmål. Rettleiing og kartlegging. Vaksinering

 

x

Rotarix= vaksine mot Rotavirus. (Drikkevaksine)*

3 mnd

Vekt, lengde og hovudmål. Rettleiing og kartlegging, vaksinering

 

Rotarix, Hexyon= 6-komponentsvaksine og Prevenar13= vaksine mot pneumokokkinfeksjon)

4 mnd

Vekt, lengde og hovudmål. Rettleiing og kartlegging

 

 

5 mnd

Vekt, lengde og hovudmål. Rettleiing og kartlegging. Vaksinering

 

 

Hexyon og Prevenar13

6 mnd

Vekt, lengde og hovudmål. Rettleiing og kartlegging

 

x

 

7-8 mnd

Vekt, lengde og hovudmål. Rettleiing og kartlegging

 

 

 

10 mnd

Vekt, lengde og hovudmål. Rettleiing og kartlegging

 

 

 

12 mnd

Vekt, lengde og hovudmål. Rettleiing og kartlegging. Vaksinering

 

x

Hexyon og Prevenar13

15 mnd

Vekt og lengde. Rettleiing og kartlegging. Vaksinering

 

 

Priorix = vaksine mot meslinger, kusma, røde hunder (MMR)

18 mnd

Vekt og lengde. Rettleiing og kartlegging

 

 

 

2 år

Vekt og lengde. Kartlegging av språk. Rettleiing

 

x

 

4 år

Vekt og lengde. Kartlegging av språk, syn og motorikk. Rettleiing

 

 

 

 

Barn med foreldre frå land med høg forekomst av tuberkulose får tilbod om BCG-vaksine frå 6 veker- 6 mnd alder. 

Jordmorteneste

Jordmor Mai Linn Jahren er på helsestasjonen på Dale ein gong per veke for svangerskapskontrollar.

Jordmor undersøker at den gravide har det bra og at barnet i magen veks slik som det skal.

Jordmor er her måndagar eller tysdagar frå kl. 08 - 15.
Ta kontakt med helsesjukepleiar dersom du ønskjer time eller anna kontakt med jordmor.

Fødselsførebuande kurs

Jordmor vil ha fødselsførebuande kurs ca kvar 3. månad ut 2023. Kurset er meint for deg som er i tredje trimester.

Dette er et gratis tilbud til den gravide med partner.

Kva skjer på fødselsførebuande kurs?

Her går vi gjennom alt frå teikn på fødsel, når kontakte fødeavdeling, eventuelle utfordringar med vegstengingar, sjølve fødselen, dei første timane rett etter fødsel, barseltida og psykisk helse.  

Meld deg på til Mai Linn

Datoar:

  • 12. juni kl 14-16
  • 21. aug kl 14-16
  • 13. nov kl 14-16
Mor i Noreg-studien

Skal du bli mor for første gong, og opplever at du treng meir hjelp og støtte enn det som per i dag finst på helsestasjon og hos fastlege?

Då håpar vi du har lyst til å vere med i Mor i Noreg-studien

Kva går studien ut på?

Mor i Noreg-studien er Noregs største studium av førebyggjande tiltak blant førstegongsforelde i svangerskapet og småbarnsperioden. Vi vil undersøkje korleis det går med dei som skal bli mor for første gong og som har behov for meir oppfølging enn det som per i dag blir tilbode på helsestasjonen og hos fastlege.

Halvparten av deltakarane vil tilfeldig bli trekte ut til å få ekstra oppfølging gjennom svangerskap og i tidleg småbarnsperiode. Den andre halvparten vil bli trekte ut til å få oppfølging frå ordinære tenester i kommunen. 

Viss du deler erfaringane dine med forskarar, vil du kunne bidra til at oppfølginga av førstegongsfødande mødrer blir betre framover, og at mødrer og barn får god hjelp og støtte, både i svangerskap og småbarnsperioden.

Alle deltakarar er med i studien, sjølv om halvparten får tilbod om ekstra oppfølging og halvparten får ordinært oppfølgingstilbod.

Du kan lese meir om studien på OsloMet sine sider. 

Kven kan bli med?

Du kan bli med i studien viss du:

  • Skal bli mor for første gong
  • Har maksimalt komme til svangerskapsveke 26
  • Har utfordringar som gjer at du kan trenge ekstra oppfølging i svangerskap og småbarnsperioden. Det kan vere til dømes utfordringar knytt til eigen oppvekst, psykisk helse, økonomi, nettverket rundt deg eller andre utfordringar.

Er du interessert?

Dersom du vil vite meir eller er interessert i å delta kan  du ta kontakt med fastlegen eller jordmor.

Du kan og ta direkte kontakt med Sammen på vei:

Teamleder: Kari Anne Tolås Boge, telefon: +47 40 80 16 11
Teamkoordinator: Irmelin Ø. Fimreite, telefon: +47 40 80 90 71
eller E-post: morinorgestudien@bergen.kommune.no

Foreldrerettleiing

Å vere foreldre er kanskje verdens vanskeligaste jobb. Barnet ditt blir ikkje fødd med bruksanvisning, og det kan vere vanskelig å vite korleis ein skal handtere ulike situasjoner.  

Kanskje barnet ditt lett blir sint, redd, har vanskar med søvn eller matinntak? Ta kontakt med ei av helsesjukepleiarane for foreldrerettleiing. Me nyttar COS-P som foreldrerettleiingsprogram.

Frå hausten 2022 startar vi opp med tilbod om COS-P foreldrerettleiing i grupper for foreldre med barn i alderen 0-5 år.

Psykisk helse hos nybakte foreldre

Det å få barn er ei stor endring i livet. Det er normalt å kjenne at perioden etter fødsel kan vera krevjande og at ein kan kjenna seg nedstemt og sliten.

Kjenner du at du er meir trist enn vanleg over fleire dagar, har vanskelege tankar eller at den nye kvardagen er veldig utfordrande? Ta kontakt med helsesjukepleiar, jordmor eller lege.

Fødselsdepresjon er meir  vanleg enn vi kanskje trur. Ifølge Helsedirektoratet vil anslagsvis 3000-9000 barselsvinner kvart år i Norge vere plaga av nedstemthet og depresjon. Du er altså ikkje aleine om å kjenne på desse følelsane.

Heldigvis blir ein betre med rett hjelp. Det er også viktig å vere oppmerksom på at også fedre kan få fødselsdepresjon. Ifølge "Landsforeningen 1001 dager" opplever om lag 1 av 20 menn depressive plager i forbindelse med svangerskap og fødsel.  Foreldrehelse er fokus på konsultasjonane på helsestasjonen.

Ikkje nøl med å ta kontakt med oss dersom du kjenner behov for det.

Om du kjenner på psykiske plager etter fødsel er nettsida til Landsforeningen 1001 dager ein god ressurs. Her kan du kan finne både brukarerfaringar og forskning på tema. 

Nyttige ressursar for foreldre

Nettsider:

Helsenorge om fødselsdepresjon.


Foreldrehverdag. Nettside med trygge råd til deg med barn


Følelseskompasset. Nettside om kjensler.

Stine Sofies stiftelse Foreldrepakke. Informasjonsprogram for blivende og nybakte foreldre.

Helsenorge - kvalitetssikra helseinformasjon.

Hefter og bøker:

Kjensleutvikling hos barn – ei lita innføring for foreldre av kommunepsykolog Cathrine Louise Leikanger


Om kjensla sinne, hos både foreldre og barnet.

  • Boka "Sinte barn og sinte voksne" av Anne Hilde Vassbø Hagen (2021)

Apper:

 Appen som styrker dine relasjoner.

  • VI-appen.

Skulehelsetenesta

Tilbod og kontaktinformasjon

Alle grunnskular og vidaregåande skular skal ha tilbod om skulehelseteneste.

Føremålet med skulehelsetenesta er å fremja fysisk og psykisk helse. Tenesta skal òg bidra til at alle elevane har eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Tilbodet er retta mot eleven sjølv, familien og skulemiljøet i sin heilskap.

Skulehelsetenesta gjennomfører helseundersøkingar og vaksinerer etter barnevaksinasjonsprogrammet.

Vi kan òg gi råd og rettleiing til elevar og føresette, og bidra med undervisning.

Helsesjukepleiar er på alle skulane i kommunen til faste tider.  Vi har dessverre ikkje skulelege, men kan nytte helsestasjonslegen ved behov.

Tilbodet er gratis.

Kontaktinformasjon skulehelsetenesta

Dale skule 1.-7. trinn

Helsesjukepleiar Elisabeth Lillevik er tilstades på barnetrinnet på Dale skule onsdagar frå klokka 09-14.

Telefon: 453 74 081

E-post: Anne.Elisabeth.Lillevik@vaksdal.kommune.no

Dale skule 8.-10 trinn.

Helsesjukepleiar Brith Kydland er tilstades på ungdomstrinnet på Dale skule torsdagar frå klokka 09-13.

Telefon: 488 80 383

E-post: Brith.Kydland@Vaksdal.kommune.no

Stanghelle skule

Helsesjukepleiar Elisabeth Lillevik er tilstades på Stanghelle skule tysdagar frå klokka 09-12 og torsdagar frå kl. 9-14.

Telefon: 453 74 081

E-post: Anne.Elisabeth.Lillevik@vaksdal.kommune.no

Stamnes skule:

Helsesjukepleiar Brith Kydland er tilstades tre måndagar per månad frå klokka 09-13.

Telefon: 488 80 383

E-post: Brith.Kydland@Vaksdal.kommune.no

Eksingedalen skule

Helsesjukepleiar Brith Kydland er tilstades ein tysdag i månaden frå klokka 10-13

Telefon: 488 80 383

E-post: Brith.Kydland@Vaksdal.kommune.no

Vaksdal skule

Helsesjukepleiar Anne-Elisabeth Lillevik

  • Tysdagar frå kl 09.00 - 14.00

Mobil: 453 74 081

E-post: anne.elisabeth.lillevik@vaksdal.kommune.no

Helseteneste for barn og unge

Eit kart over tenestene for barn og unge. ​Verktøyet er først og fremt laga for fagfolk for at dei skal klare å gi barn og unge eit samanhengande hjelpetilbod. Det finst også eigen informasjon for barn, unge og føresette om kor dei kan få hjelp.

Nyttige ressursar for ungdom og foreldre

Foreldrehverdag

Trykk her for å komme til bufdir sin nettside med trygge råd til deg med barn

Følelseskompasset

Trykk her for å komme til følelseskompasset, ei nettside om kjensler.  

Helsenorge

Trykk her for å komme til Helsenorge, kvalitetssikra helseinformasjon. 

Ung.no

Trykk her for å komme til ung.no - kvalitetssikra informasjon til ungdom om alt dei lurar på

Sex og Samfunn

Trykk her for å komme til sexogsamfunn - kvalitetssikra informasjon om seksuell helse

Råd om spiseforstyrrelser

Trykk her for å komme til ROS, lavterskeltilbud og interesseorganisasjon for alle som er berørt av problematikk rundt mat og kropp

Helsestasjon for ungdom

Kva er helsestasjon for unge?

Helsestasjon for ungdom (HFU) er eit gratis tilbod for deg mellom 12 og 25 år. På helsestasjon for ungdom kan du får hjelp og råd frå helsesjukepleiar og eller lege. Dei som jobber her har taushetsplikt. Du treng ikkje tillatelse frå foreldra dine for å snakke med nokon.

Her kan du snakka og spørja om det du lurer på. Det kan vere tema om kropp og helse, pubertet, seksuell orientering og kjønnsidentitet, seksualitet, prevensjon, graviditet, seksuelt overførbare infeksjoner, abort, følelser og bekymringar, vanskelige tankar, problemer med familie og venner og vold og overgrep.

Pubertet og seksuell helse

God seksuell helse handlar om å vere trygg i egen kropp og egen identitet og om å kunne uttrykke egne grenser, følelser og behov på ein god måte. God seksuell helse fremmer helse og livsmestring.

På HFU kan du testa deg gratis for seksuelt overførbare infeksjonar, graviditet, få resept på hormonell prevensjon og få kondomar. Du kan også snakke med oss om ting du lurar på knytt til seksuell helse.

Psykisk helse

Den psykiske helsa di er viktig. Psykisk helse handler om korleis vi har det med oss sjølv og andre, kva vi tenkjer og kva vi kjenner på.

Den psykiske helsa vår kan variere i periodar og gjennom livet, og det er heilt normalt at ein innimellom kjenner på tunge tankar eller kjensler. Den psykiske helsa vår er like viktig som den fysiske helsa, og det er mange ting ein kan gjere sjølv for å ha ei god psykisk helse.

På HFU kan du snakke med helsesjukepleiar om tankar og kjensler du kjenner på. Helsesjukepleiar kan vurdere om du treng hjelp frå andre tenester som fastlege eller psykolog. Ofte er det til god hjelp å snakke med helsesjukepleiar.

Korleis få hjelp?

Dersom du er elev ved ungdomsskulen kan du bestille time på HFU via helsesjukepleiar på skulen .

Dersom du er elev i vidaregåande skule kan du enten ta kontakt med helsesjukepleiar på skulen din, eller ta kontakt med helsesjukepleiar tilknytta Helsestasjonen for ungdom i Vaksdal. Sjå kontaktinfo nedanfor.

Om du er student kan du ta kontakt Helsestasjon for ungdom i Vaksdal (opp til 25 år), eller Sammen - studentsamskipnaden på Vestlandet.

Trykk her for å komme til sammen.no

Akutt hjelp:

  • Nødnummer: 113
  • Legevakt: 116 117
Hjelp til sjølvhjelp

Hjelpetelefonar:

  • Mental helse: 116 123
  • Røde kors: 800 33 321
  • Kirkens SOS: 22 40 00 40

Nyttige ressursar

Det finns mange nyttige ressursar ein kan nytte både på nettet, podcast og i bokform. Kommunepsykologen har samla nokre anbefalingar her. 

Kontaktinformasjon og opningstider for helsestasjon for ungdom

Helsesjukepleiar Brith Kydland

Telefon 488 80 383
E-post: brith.kydland@vaksdal.kommune.no

Helsesjukepleiar Katrine Hesjedal-Johannessen

Telefon 408 01 786
E-post: katrine.hesjedal-johannessen@vaksdal.kommune.no

Opningstid

Vi har inga fast åpningstid. Ta kontakt med ein av helsesjukepleiarane for timebestiliing.

Kvar finn du oss?

Heradshuset på Dale 1. etg.
Konsul Jebsensgate 16
5722 Dalekvam

Den psykiske helsa di er viktig

Psykologen anbefaler

Den psykiske helsa di er viktig. Psykisk helse handler om korleis vi har det med oss sjølv og andre, kva vi tenkjer og kva vi kjenner på.

Den psykiske helsa vår kan variere i periodar og gjennom livet, og det er heilt normalt at ein innimellom kjenner på tunge tankar eller kjensler. Den psykiske helsa vår er like viktig som den fysiske helsa, og det er mange ting ein kan gjere sjølv for å ha ei god psykisk helse.

På denne sida har kommunepsykologen i Vaksdal samla nokre anbefalingar til gode ressurser ein kan nytte for å sikre god psykisk helse, enten sjølv eller som forelder. 

Hefte om kjensleutvikling hos barn

Kjenslene våre har stor betydning og gjer oss nyttig informasjon om kva som er viktig for oss i ein situasjon. Kommunepsykolog i Vaksdal, Cathrine Louise Leikanger, har laga eit hefte til foreldre om kva for kjensler vi har, korleis dei utviklar seg gjennom oppveksten og korleis ein kan møte barn slik at dei blir gode på kjensler. Informasjonen i heftet kan også passe for vaksne.

Trykk her for å opne heftet om kjensleutvikling hos barn 

Ressursar for vaksne

Bøker

  • «Sjef i eget liv», Ingvar Wilhelmsen. Om kognitiv terapi.
  • «Hemmelighetene bak et lykkelig parforhold», John Gottman. Om å bevare eit godt parforhold.
  • «Lykketyvene», Torkil Berge og Arne Repås. Om depresjon.
  • «Trange rom og åpne plasser», Torkil Berge og Arne Repål. Om angst.
  • «Klok på følelser», Jan Reidar Stiegler, Aksel Inge Sinding og Leslie Greenberg. Om kjensler.

Nettsider

Sjølvhjelpsprogram

Trykk her for å komme til kvalitetssikra sjølvhjelpsverktøy samla på Helsenorge sine sider. Her finn du gode program for til dømes søvnvanskar, depresjon, angstlidingar og stressmeistring. 

Ressursar for foreldre

Bøker:

  • Sinte barn og sinte voksne. Anne Hilde Vassbø Hagen. Om sinne hos barn og foreldre.
  • Helsesista - våg å være voksen. Tale Maria Krohn Engvik/Helsesista.

Nettsider:

YouTube og filmer:


Ressursar for barn og ungdom

Bøker

  • Jenteboka - Ellen og Ninas guide til puberteten. Av Nina Brochmann og Ellen Støkken Dahl.
  • Gutteboka - din guide til puberteten. Av Av Nina Brochmann og Ellen Støkken Dahl.

YouTube og filmer:

Nettsider:

Spill og sjølvhjelpsprogram

Trykk her for å komme til Hjelpehånda.
Dette er spill kor barn og unge får lære om teknikkar for å meistre vanlege problem og situasjonar dei kan oppleve: 

Trykk her for å komme til Ungspotlight.
Dette er ei nettside med sjølvhjelpsprogram for ungdom 13-16 år som er redde for å snakke foran klassen.


Sist oppdatert: 19.02.2024
Publisert: 30.03.2022