Sjukeheim

Sjukeheimsplass er et tilbod til eldre og sjuke som ikkje kan bu heime fordi dei treng helse- og omsorgshjelp store delar av døgnet. Du kan få tilbod om eit korttidsopphald eller langtidsopphald.

 Det kan òg vere eit tilbod om avlastning.  

Korttidsopphald

Eit korttidsopphald i sjukeheim er tidsavgrensa. Målet med opphaldet kan vere å kartleggje helsetilstanden, ernæringsstatusen din eller vurdere kva behov du har for hjelp, behandling, rehabilitering og opptrening. Det kan òg vere eit tilbod om avlastning.  

Kva får du?

  • du får tilbod om det opphaldet vi vurderer er best for deg
  • du får hjelp av autorisert helsepersonell
  • du får individuelt tilpassa hjelp til det du ikkje meistrar sjølv
  • du får medisinsk behandling og pleie ved sjukdom
  • du får tilsyn av sjukeheimslege
  • du får tilbod om å delta på sosiale aktivitetar på institusjonen
  • du får fysioterapi ved behov
  • du får gratis medisinar
  • du får fri tannbehandling ved offentleg klinikk

Du kan søkje om

  • du har behov for ei overgangsordning etter utskriving frå sjukehus
  • du har behov for å få kartlagt vidare hjelpebehov
  • du treng hjelp til opptrening
  • du treng hjelp til ernæring
  • du treng anna medisinsk behandling eller pleie som ikkje kan skje i heimen
Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned søknadsskjema for pleie- og omsorgstenester.

I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på Heradshuset på Dale eller send til: 

Vaksdal kommune
Konsul Jebsensgate 16
5722 Dalekvam

Kva skjer vidare?

  • Vi vurderer søknaden din, og tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.
Langtidsopphald

Langtidsopphald på ein sjukeheim er eit tilbod til eldre og sjuke som ikkje kan bu heime fordi dei treng helse- og omsorgshjelp store delar av døgnet. For å få langtidsplass i institusjon må det først ha vore vurdert og prøvd andre alternative tenester.

Kva får du?

  • Du får tilbod om den plassen som passar best for deg
  • Du får hjelp av helsepersonell
  • Du får individuelt tilpassa hjelp til det du ikkje meistrar sjølv
  • Du får medisinsk behandling og pleie ved sjukdom
  • Du får tilsyn av sjukeheimslege
  • Du får tilbod om å delta på sosiale aktivitetar ved institusjonen
  • Fri medisin
  • Fri tannbehandling ved offentleg klinikk

Krav til søkjar

  • Du har vedvarande og omfattande behov for behandling eller oppfølging
  • Du har behov som etter ei fagleg vurdering berre kan dekkast ved langtidsopphald i sjukeheim
  • Andre tenester må vere vurdert eller prøvd

Kva kostar det?

Prisen er forskjellig frå brukar til brukar, og blir fastsett etter kva økonomi du har.

Slik søkjer du

Langtidsopphald blir behovsvurdert etter korttidsopphald i institusjon.

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist. Vi behandlar søknader kvar 14. dag.

Kontakt oss

Ressurssenter for demens Vaksdal

Telefon 2. etasje: 966 34 287

Telefon 3. etasje:  966 26 842

Besøksadresse:
Jamnevegen 11, 5725 Vaksdal

Her finn du oss

Leiar Anne Kari Helle

Mobil: 453 76 843

E-post: anne.kari.helle@vaksdal.kommune.no

Helsehuset Dale

 Telefon:  56 59 36 95 

Besøksadresse:
Bråtet 1, 5722 Dalekvam

Her finn du oss

Leiar sjukeheimsavdelinga - Monika Skjerveggen

Mobil: 488 80 364

E-post: Monika.Skjerveggen@vaksdal.kommune.no

Har du spørsmål, ta kontakt med forvaltninga.

 

E-post: forvaltning@vaksdal.kommune.no

Koordinator Ann Marit M. Lie

Sakshandsamar Line Cecilie Tveit

Sakshandsamar Thea Tufte

Besøksadresse:
Daletunet, Bråtet 1,
5722 Dalekvam

 


Sist oppdatert: 07.06.2023
Publisert: 01.06.2018