Heimehjelp

Heimehjelp er eit tilbod til innbyggjarar som treng hjelp og praktisk bistand i kvardagen på grunn av sjukdom, funksjonstap, eller andre årsaker.

Søknadsskjema for helse- og omsorgstenester

Trykk her for å laste ned søknadsskjema for helse - og omsorgstenester.

I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. 

Du kan Velge mellom tre ulike måter å sende søknad:

1. Elektronisk via eDialog

Korleis logga inn i eDialog

  • Trykk her for å logge inn i eDialog.
  • For å nytte tenesten, må du logge på/autensiere deg ved hjelp av ID-porten (MinID, BankID m.m)
  • Når du har logga på, fyller du ut skjemaet og lastar opp dokument du vil sende inn

2. Lever søknad og vedlegg på Heradshuset på Dale

3. Send i posten til: 

Vaksdal kommune
Konsul Jebsensgate 16
5722 Dalekvam

Kva skjer vidare?

  • Vi vurderer søknaden din, og  tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.
  • Vi prøver å svare deg innan 14 dagar. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svar.
Kva kostar det?

Sjå oversikt over prisar på heimetenester her.

Kva får du?

Du kan mellom anna få hjelp til :

  • Reingjering av golv og overflater
  • Vask av bad
  • Støvtørk 
  • Skifte sengetøy
  • Klesvask
Krav til søkjar

Du må ha behov for hjelp på grunn av sjukdom eller funksjonstap

Kontaktinformasjon

Har du spørsmål, ta kontakt med forvaltninga.

E-post: forvaltning@vaksdal.kommune.no

Koordinator Ann Marit M. Lie

Sakshandsamar Line Cecilie Tveit

Sakshandsamar Thea Tufte

Besøksadresse:
Daletunet, Bråtet 1,
5722 Dalekvam

Avdelingsleiar for heimetenesta Maria Kolstad

Korleis kan eg klage?

Trykk her for meir informasjon om din rett til å klage.

Lovar og reglar

Sist oppdatert: 07.06.2023
Publisert: 01.06.2018