Startlån - søk gjennom Husbanken

Har du problem med å komme inn på bustadmarknaden eller med å bli buande i bustaden din? Då kan startlån vere ei aktuell låneordning for deg.

Det er Husbanken som finansierer denne ordninga, men kommunen som tar imot søknadar og gjer vedtak.

Slik søkjer du

Gå til Husbanken si nettside for å kome til søknaden. 

Trykk her for å komme til søknaden. 
OBS: Du må søkje lånet hos Husbanken.

Kva får du?

Du kan få startlån til

  • Hjelp til å bli buande i bustaden du har no.
  • Refinansiering av eit dyrt lån.
  • Utbetring av bustad.
  • Tilpassing av bustad.
  • Bygging av bustad.
  • Topp- og fullfinansiering.

Kor mykje kan eg låne?

Dette vurderer vi i kvart enkelt tilfelle.

Ein viktig føresetnad er at du som får startlån kan betene lånet over tid, og framleis ha nødvendige midlar att til å leve for.

Krav til søkjar

Vi kan gi startlån til deg som ikkje får lån i vanleg bank, eller ikkje får nok lån til å finansiere eit kjøp av bustad.

Når vi handsamar søknaden din, vurderer vi to forhold:

  1. Om utfordringa med å finansiere eigd bustad vil vere langvarig.
  2. Om du har gjort det du kan for å spare.

I nokre tilfelle kan vi sjå vekk frå vurderinga over. Det kan vere i slike tilfelle:

  • Når du har barn, eller særlege sosiale eller helsemessige utfordringar.
  • Når du har problem med å dekke buugifter, og refinansiering med startlån bidrar til at de kan bli buande.
  • Når busituasjonen gjer at du risikerer å miste ein jobb.
Kontaktinformasjon

Har du spørsmål, ta kontakt med Maren Finsrud Johannesen


Sist oppdatert: 05.06.2023
Publisert: 02.10.2018