Kommunal bustad

Som kommune har vi eit ansvar for å bidra til at alle har ein god og trygg stad å bu.

Vi kan hjelpe deg om du ikkje klarar dette på eiga hand.

Slik søkjer du

Du søkjer om kommunal bustad elektronisk. Innlogging inn med ID-porten (BankID eller liknande) 

Trykk her for å komme til søknadsskjema.

Før du opnar skjemaet, leit fram dokumentasjon som viser kva inntekt du har og husleigekontrakt for noverande bustad.

  1. Er du skilt eller separert, må du legge ved kopi av skifteavtale.
  2. Er du utanlandsk statsborgar, må du legge ved kopi av pass eller opphaldsløyve frå UDI.

Søknaden kan og sendast som brev til:

Vaksdal kommune
Konsul Jebsensgate 16
5722 Dalekvam

Vi handsamar søknadane etter kvart som dei kjem inn. Du får svar frå oss innan 4 veker frå vi har mottatt søknaden din.

Kva kostar det?

Leigekontrakt etter avtale.

Kva får du?

Gjennomgangsbustad er eit mellombels butilbod. Leigekontrakten vil normalt ikkje vare lenger enn tre år.

Krav til søkjar

Målgruppa for tilbodet er økonomisk og sosialt vanskelegstilte, flyktningar, eldre, funksjonshemma, eller andre som treng hjelp i ein kortare eller lenger periode.

Du som søker må:

  • Vere fylt 18 år.
  • Vere utan bustad.
  • Registrert i folkeregisteret som busett i kommunen, og ha opphaldt deg her dei siste 12 månadane.
  • Vere norsk statsborgar eller i introduksjonsprogram for flyktningar.
  • På grunn av sjukdom eller sosiale årsaker ha trong for endring av noverande bustadforhold.
  • Låg inntekt.
  • Ikkje skulde husleige til kommunen.
  • Ikkje ha mislighalde kommunalt lån.

Har du blitt kasta ut av ein kommunal bustad, kan du ikkje søke på nytt før det har gått eitt år.

Klage på vedtak

Du kan klage på vedtaket, dersom du meiner at det byggjer på feil opplysningar.

Klagefristen er tre veker frå du har mottatt vedtaket. Klagen må vere skriftleg.

Kontaktinformasjon

Har du spørsmål, ta kontakt med Maren Finsrud Johannesen


Sist oppdatert: 29.06.2023
Publisert: 02.10.2018