Tilskot til etablering i kommunen

Slik søkjer du

Klikk her for å opne søknadsskjema for tilskot for etablerarar i kommunen.

Send inn skjema med vedlegg til: 

Vaksdal kommune
Konsul Jebsensgate 16
5722 Dalekvam

Etablering i heile kommunen
  • Du kan få etableringstilskot på 100.000,- kroner. Dette gjeld ved privat nybygging, eller kjøp av nybygd husvære på minst 40 kvm. 
  • Søkjar må vera heimelshaver til heile eigedomen.
  • Dersom det er fleire heimelshavarar kan det gjevast tilskot dersom begge/alle heimelshavarane oppfyller vilkåra.
  • Det må søkes om stimuleringstilskot innan 6 månader etter dato for utsett ferdigattest. Det er ein forutsetning at ein er folkeregistrert på adressa, og at ein skal bruke bustaden til eigen bustad. F. eks. kjøp av bustad for framleige er ikkje gyldig.
  • Tilskotet gjeld nybygg på gards- og bruksnummer kor det ikkje tidlegare har vært bustader.
  • Ein kan få stimuleringstilskot til nybygg ein gong. Så lenge dei øvrige krava er oppfylte, spiller det ingen rolle om du tidlegare har bygd bustad i kommunen, men du kan ikkje få tilskot om du har fått det tidlegare.
Etablering i Eksingedalen, Eidslandsområdet og Bergsdalen

Nybygg

Vil du etablere deg i desse områda kan du få etableringstilskot på 300.000,- kroner. Dette gjeld ved privat nybygging, eller kjøp av nybygd husvære på minst 50 kvm. Søkjar må vere heimelshavar til heile eigedomen.

Dersom eigedomen har fleire heimelshavarar kan det gjevast eit tilskot dersom begge/alle heimelshavarane oppfyller vilkåra.

Dersom det vert bygd utleigebustad i tilknyting til nybygget, vert tilskotet auka til 350.000,- kroner.

Eksisterande bustad

  • Vil du kjøpe eksisterande husvære kan du få tilskot på 100 000,- kroner.
  • Gjeld gardsnummer 36-37 og 54-69 (Eksingedalen) 35 og 39 (Eidslandsområdet) og 70-80 (Bergsdalen).
  • Søkjar må vera heimelshaver til heile eigedomen. Dersom det er fleire heimelshavarar kan det gjevast tilskot dersom begge/alle heimelshavarane oppfyller vilkåra.
  • Det må søkes om stimuleringstilskot innan 6 månader etter tinglyst kjøp. Det er ein føresetnad at ein er folkeregistrert på adressa, og at ein skal bruke bustaden til eigen bustad. F. eks. kjøp av bustad for framleige er ikkje gyldig.
  • Ein kan få stimuleringstilskot til kjøp av eksisterande bustad ein gong. Så lenge dei øvrige krava er oppfylte, spiller det ingen rolle om du tidlegare har eigd bustad i kommunen, men du kan ikkje få tilskot om du har fått det tidlegare.
Stimuleringstilskot til unge
  • Alle under 35 år som kjøper eige eksisterande husvære i kommunen kan søke om stimuleringstilskot, kr 25.000,-.
  • Beløpet gjeld for kvar enkelt heimelshaver.
  • Det må søkes om stimuleringstilskot innan 6 månader etter tinglyst kjøp. Ein må søka senast den månaden ein fyller 35 år. Det er ein forutsetning at ein er folkeregistrert på adressa, og at ein skal bruke bustaden til eigen bustad. F. eks. kjøp av bustad for framleige er ikkje gyldig.
  • Ein kan få stimuleringstilskot til kjøp av eksisterande bustad ein gong. Så lenge dei øvrige krava er oppfylte, spiller det ingen rolle om du tidlegare har eigd bustad i kommunen, men du kan ikkje få tilskot om du har fått det tidlegare.
  • Alle unge i Vaksdal kommune får eit tilsvarande verdibrev frå kommunen når dei går ut 10. klasse. Verdibrevet er personleg og må nyttast til etablering i kommunen innan fylte 35 år.
Generelle reglar og vilkår for tilskota
  • Øvre aldersgrense for søknad om tilskot er 60 år. Ein må søka senast den månaden ein fyller 60 år. Det er ein føresetnad at ein er folkeregistrert på eigedommen, og at øvrige vilkår er oppfylt.
  • Ved søknad om stimuleringstilskot for dei under 35 må søknaden føreligge senast den månaden heimelshaver fyller 35 år. 
  • Ein kan få stimuleringstilskot ein gong, ein kan allikevel søkje om tilskot til nybygg om ein på eit seinare tidspunkt skal byggja/kjøpa nybygg.
  • Tilskota er eingongstilskot.
  • Bustaden må være heilårshusvære.
  • Ein kan ikkje kombinera ulike tilskot.
  • For tilskot til bustadbygging: Bustaden må nyttas til bustad i 5 år frå ferdigattest. Om bustaden vert nytta til andre føremål (eks. fritidsbustad), skal tilskotet betalast attende forholdsmessig for tida som er att.
  • Ved nybygg etter brann, oppbygging av skada hus el. vil det ikkje ytast tilskot. Tilskotet gjelder nybygg kor det ikkje har vært bustad på eigedomen tidlegare.

Utbetaling av tilskotet: 
Tilskotet til bustadbygging vert utbetalt når ferdigattest ligg føre

  • Tilskot til kjøp vert utbetalt når tinglyst kjøpekontrakt ligg føre, heimel er overført og heimelshavar(ane) er registrert i folkeregisteret som busett på eigedomen.

Avgjerd:

  • Kommunedirektør tek avgjerd i saker om tilskot.
  • I saker av prinsippiell karakter kan kommunedirektøren legge fram sak til FPØ for avgjerd

Klageadgang

  • Formannskapet kan ta avgjerd i klagesaker etter forvaltningslova sine regler.

Sist oppdatert: 10.10.2023
Publisert: 02.10.2018