Om Vaksdal brannvesen

Koordinator, brannvern Brede Tjønneland

Brannvakt

Vaksdal har to brannstasjonar lokalisert på Dale og Vaksdal, i tillegg til eit branndepot på Eidslandet.

Brannvesenet i Vaksdal består av 36 deltidsmannskap. Av desse er det ti utrykningsleiarar i vaktordning, fordelt på fem vaktlag. Vaksdal har éin brannkoordinator i 40 prosent stilling.

Vaksdal brannvesen har også ei first responder-teneste.

Samarbeidsavtale mellom Bergen brannvesen og Vaksdal kommune 

Bergen brannvesen har totalansvaret for brann- og redningstenesta i Vaksdal kommune. Brannsjefen i Bergen brannvesen er dermed også brannsjef i Vaksdal kommune. Ved hendingar er lokal utrykningsleiar frå Vaksdal brannvesen delegert leiaransvaret inntil eventuell representant frå Bergen brannvesen, normalt utrykningsleiar i Arna brannstasjon, kjem til skadestaden.

Vaksdal kommune har arbeidsgjevaransvaret for brann- og redningspersonell som inngår i den lokale beredskapsstyrken i kommunen. Kommunen har også ansvar for drift og vedlikehald av eigne brannstasjonar, utrykningskøyretøy og anna materiell.

Brannførebyggjande oppgaver

Bergen brannvesen har ansvar for å gjennomføre informasjons- og motivasjonstiltak i kommunen om fare for brann, farer ved brann, brannverntiltak og opptreden i tilfelle av brannar og andre ulykker. Bergen brannvesen har ansvar for å gjennomføre tilsyn av særskilte brannobjekt.

Brannsjef, Bergen brannvesen Janicke Larsen

Sist oppdatert: 06.06.2023
Publisert: 20.08.2018