HeimBranntryggleik, eldstad og feiingEldstadTilskot til utskifting av gamle omnar

Tilskot til utskifting av gamle omnar

Vaksdal kommune har som målsetting at 50 omnar (ved eller olje) i bustadhus vert skifta. Busette i Vaksdal kommune som skiftar ut oljefyren sin eller sin gamle vedomn, kan søkje om 4000 kroner i tilskot til kjøp og montering av ny reinbrennande vedomn. 

Slik søkjer du

Fyll ut skjema "Melding til brannsjef om montering av ildsted". Installatør fyller ut side èin og sender til feiar@vaksdal.kommune.no. Brannvesenet vil utføre tilsyn.

Kontrollert og godkjent dokument sendast til post@vaksdal.kommune.no saman med "Søknadsskjema for tilskot til utskifting av gamle vedomnar". Legg ved vedlegg som vert kravd i søknaden. 

Søknad om tilskot, med vedlegg, kan og sendast pr post til 

Vaksdal kommune
Konsul Jebsensgate 16
5722 Dalekvam 

Du vil få svar i løpet av tre veker etter du har sendt inn søknaden. 

Vilkår for tilskotet

  • Søkjar må vere busett i Vaksdal kommune
  • Omnen som skal bytast ut må vere produsert før 1. juli 1997, og dette må dokumenterast
  • Det kan godkjennast tilskot for ein omn per husstand
  • Etter at montering er godkjent av kommunen, kan du be om utbetaling av tilskotet på 4 000 kroner. Kvittering for kjøp og montering må vedleggjast
  • Stadfesting på innlevering av gammal omn må vedleggjast - mottak for denne type avfall (BIR Miljøstasjon) eller tilsvarande
  • Tilskotet er avgrensa til maksimalt 50% av godkjende kostander

Krav til installasjon av omn

Installasjon av ny omn må gjerast av kvalifisert fagperson, som for eksempel feiar, murmeister eller varmeforhandlar. Tilskotsordninga vil også gjelde om det er gamal oljeomn som vert erstatta av ny vedomn. Gamal omn skal leverast til forhandlar eller godkjent avfallsmottak, og kvittering for dette må leggjast fram. Før tilskot blir utbetalt må Vaksdal kommune godkjenne arbeidet.

Kontakt oss

Feiar Arne Rødberg

Koordinator, brannvern Brede Tjønneland


Sist oppdatert: 20.12.2018
Publisert: 02.08.2018